– Kva er det med sjakk?

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Inspirert av spalta «Det djupe alvoret» i Dag og tid, held me fram med å stille dei mindre viktige spørsmåla om kva det er å vere menneske. Denne gongen møter me Harald Bonaventura Borchgrevink, eliteseriespelar for Bergens Schakklub.

 – Sjakk er som livet. Du kan gjere alt riktig, lenge, før du i ein ukonsentrert augeblink gjer ein feil som kostar dronninga og halve kongeriket. Sjakk er kunst, sport, hobby, yrke, alt etter kven du spør. Drepande kjedeleg, eller uhyre interessant. Ikkje minst er sjakk ofte eit minste felles multiplum når ein møter folk frå andre sida av jorda. Reglane er like, uavhengig av om ein heiter Magnus eller Viswanathan.

– Nettopp. Kva delar av verda er det eigentleg spelet dominerer?

– Det er framleis dei gamle Sovjet-statane som har jerngrep på sjakken. I etterkrigstida har samtlege verdsmeistrar før Anand, med det store unntaket Bobby Fischer, vore under Sovjet-paraplyen. Men sjakken oppstod i Asia, og er blant anna basert på det indiske spelet «chaturanga», så Anand sine landsmenn har god grunn til å vise begeistring for at VM-finalen blir spelt i India.

LES OGSÅ: Kva er det eigentleg med Elvis, Elvis?

Kvinnebedårarar og nerdar
– Tilbake til Norge: Du speler i eliteserien i sjakk. Kva er det?

– Eliteserien i sjakk er den øvste divisjonen for klubblag i Norge. Dei aller fleste aktive sjakkspelarane er medlem av ein sjakklubb, og desse klubbane møter kvarandre i seriespel gjennom sesongen. Eliteserien har ti klubbar frå heile landet. 6 spelarar på kvart lag. Resultata av dei individuelle partia blir summert opp til slutt for å kåre vinnaren av matchen. Klubben med flest lagpoeng etter ni slike kampar blir Norgesmeister.

– Er eg berre fordomsfull dersom eg tippar at konkurrentane dine i eliteserien er alvorlege og intelligente, men einspora menneske som gjerne tek ein runde Trivial Pursuit etter middagen på julebordet?

– Du har sjølvsagt innslag av den typiske nerden, den uhygeniske originalen, samt den asosiale psykopaten – tenk Bobby Fischer. Samstundes finn du nok av useriøse, drikkfeldige, kvinnebedårande og generelt oppegåande menneske i sjakkmiljøet. Alle aldrar er representert, men vi har ein klar majoritet av det mannlege kjønn.

LES OGSÅ: Kva er vitsen med lokalpolitikk, Geir Angeltveit?

Harald og Magnus
– Er det andre nordmenn enn Magnus Carlsen som kan leve av å flytte svarte og kvite bønder?

– Han er nok den einaste som kan leve av å berre spele sjakk, men det har vore fleire døme på at svakare spelarar kan livnærer seg av å undervise i sjakk, selje sjakklitteratur og slike ting. Det er til dømes ei eiga sjakklinje på Norges Toppidrettsgymnas under leiing av Simen Agdestein, og ein kan nok framleis livnære seg av ei lærarlønn.

– I Norge har Magnus Carlsen blitt omtala som verdas beste sjakkspelar sidan han var ca. ti år gammal. Det var difor overraskande då det plutseleg kom fram det er ein Anand som er verdsmeister, Vishy Anand. Er Magnus Carlsen rett og slett litt overvudert her i landet?

– Heller motsatt. Prestasjonen det er å bli verdas høgst rangerte sjakkspelar er enorm. Men han har altså toppa verdsrankinga ei stund utan å ha verdsmeistertittelen. Magnusmanien som skyller over landet no har vore «a long time coming» for oss på innsida. Endeleg kan eg briljere med statistikken min mot han på fest og ha eit oppriktig interessert publikum.

– Du har altså spelt mot Magnus Carlsen?

– Eg har spelt to remisar, altså uavgjort, mot Carlsen, men eg må legge til at oppgjera mot Magnus fann stad då han var 11 og 12 år. Eg har også spelt mot Garri Kasparov då han gjorde ei simultanoppvising mot deltakarane i VM for skulelag i New York i 2000. Han fekk 26,5 av 27 moglege poeng. Det halve tapte poenget stod unge, lovande Borchgrevink for.

LES OGSÅ: Joggedress eller grilldress

Raudvin og sjakk på Youtube
– I litteraturen er det ei kjent sak at alle forteljingar allereie er fortalt. Det einaste forfattarane kan gjere er å skrive dei same historiene på nytt og på nytt. Er det slik med sjakk også? Alle trekka er kopiar av strategiar som har fungert før?

– Ah, dei store spørsmåla! Det er altså ei stor grad av «pattern recognition» i sjakk. Sjakkspelet rommar så vanvitig mange moglegheiter. Ein kjenner ideane, planane og strategiane for ulike stillingar, og så utfører ein trekka med utgangspunkt i desse.  Sjakkspelet rommar samstundes mange moglegheiter, men sjakkcomputerane sitt inntog har tatt vekk noko av magien i dette «battle of the minds». Mange har brukt 4-5 timar i forkant av eit parti på å analysere motstandaren. Då kan det fort bli ein realitet at datamaskina har rekna ut gangen i partiet for deg, og du ender opp med ein siger utan å ha brukt eit snev av eiga skaparkraft.

–  Kor mange trekk tenkjer eigentleg ein sjakkspelar omgongen?

– Det er veldig avhengig av stillingstypen. I nokre stillingar er det klin umuleg for menneskehjernen å rekne langt nok fram. I andre stillingar, spesielt der ein kan sette motstandaren i sjakk, er det lettare å rekne langt. For dei spesielt interesserte er nok det fremste dømet på ekstreme reknekunnskapar Kasparov mot Topalov i 1999. Partiet er forresten heilt klart best med Kasparovs kommentarar på Youtube og eit glas raudvin til.

–  Fotball har blitt stempla som «det viktigaste av dei uviktige tinga», men ser ein på sjakken si rolle t.d. under den kalde krigen, er vel også sjakk ein heit kanditat til tittelen?

– Heilt klart. Fischers match mot Spassky i 1972 var vest mot aust, og var knytt til enorm prestisje. «Chess is war over the board. The object is to crush the opponent's mind,» skal Fischer ha uttalt. Samtidig må ein ikkje undervurdere innsikta til George Bernard Shaw: «Sjakk er ei tåpeleg orsaking for folk som aldri får utretta noko, men som ynskjer å stå fram som smarte sjølv om dei berre kastar bort tida».

Saka stod først på trykk i Magasinett.