Det store treeksperimentet
Det gjeld å halde tunga beint i munnen og fingrane unna stikksaga for designstudentane som no jobbar på spreng for å setje i stand ei fullt brukande gangbru på Bryggen.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Spektakulær bru til Bryggen
Reportasjen vart først publisert i Studvest
I to veker har førsteårsstudentar og lærarar frå Kunst- og designhøgskulen i Bergen jobba med eit forskningsarbeid. Dei kallar det «treeksperimentet», og i fellesskap skal dei finne ut kor langt dei kan trøye strikken, eventuelt flisa, når det kjem til treverk.
Prosjektet vert utført kvart år, men denne gangen har dei tatt eksperimenteringa til eit nytt nivå. Haugen med plankar skal nemleg bli ei fullt brukande gangbru.
Det mest kritiske punktet er på onsdag, då skal brua heisast opp av ei kran. «Snuoperasjonen» kallar dei det. Brua vil vere sterk når den først er på plass, men den store frykta er at den ikkje toler å bli løfta opp.
– Håpar kranføraren er flink, seier Kamilla Stokkevåg og Solveig Døskeland.
Dei ler nervøst før dei igjen konsentrerer seg om sirkelsaga.
Professor Petter Bergerud leiar prosjektet og seier at utprøvinga er halve poenget.
– Vi veit aldri om det går, det er alltid ein del av prosjektet, seier han.
Etter nokre «om og men» undervegs ligg gjengen no fleire dagar bak skjema, men Bergerud ventar at det skal vere mogleg å gå tørrskodd frå Bryggen til Zachen via Vågen fredag 14. november.
LES OGSÅ: – Svenskane vrakar Bergen på grunn av dialekten
TORSDAG 06.11. No byrjar samarbeidet for å starte på andre sida av brua. Ein av studentane meddeler at alt anna har vore ei førebuing til no.
TORSDAG 06.11. Studentane løftar dei forhandslaga elementa på plass. Eit lett hysterisk auauauau, bryt ut når nok ein kroppsdel kjem i klem. –OK! Neste! Ropar professor Bergerud.
LES OGSÅ: Hipsterparadokset
FREDAG 07.11. Forbipasserande er nyfikne og begeistra. Studentar og lærarar må titt og ofte ta pausar for å forklare dei skuelystne. –Kva skal det heile bli, og kor skal brua gå?
FREDAG 07.11. Elisabeth Frafjord og ein medhjelpar jobbar med å sikre konstruksjonen. Elevane har i felleskap kome fram til kva former og figurar som skal brukast i designet, medan lærarane har samla trådane og planlagt prosjektet. – Alle har gjort litt, seier Stokkevåg. Ho forsvinn i stor fart, ho må hjelpe til ein annan plass.
LES OGSÅ: Kjøper doping for konfirmasjonspengane
SØNDAG 09.11. Helga vert ein våt affære for designstudentane og lærarane deira, likevel reiser konstruksjonen seg berre høgare og høgare.
TYSDAG 11.11. Student Frid Smelvær Høglid har trua på at dei skal kome i mål med prosjektet, men har ikkje tenkt å vere den første som testar det ferdige verket.
LES OGSÅ: Å finne den rette i studietida
TYSDAG 11.11. Stokkevåg og Døskeland arbeider ilag med det som skal bli golvet på brua.
FREDAG 14.11. Snuoperasjonen med heisekran dager før gjekk bra, brua er komen på plass og ho er definitvt ikkje vanskeleg å få auge på. Det er ein sliten gjeng som gjer siste finpuss før opninga klokka fem same ettermiddag.
LES OGSÅ: Nakenheit mot skulepengar