– Turane får meg vekk frå tastaturet

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 12.04.2017 00:04

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

45-åringen frå Leikanger i Sogn og Fjordane skriv mykje om ulike ting han testar på datamaskina si, eller om lange fjellturar. Ein uvanleg kombinasjon? Det fungerer i alle fall for Bjørk.

Sjekk bloggen til Arild Bjørk her!

– Samstundes som eg kan skriva om den gamle interessa mi, får turane meg opp og vekk frå tastaturet, seier han, og trekk fram fordelen med mykje god mosjon i arbeidet.

Framtida.no skal kåra verdas beste nynorske blogg

Erfaren i HTML
Når det kjem til data, kan Arild Bjørk reknast som ein veteran.

– Data eller IKT har vore ein hobby sidan 80-talet. Eg har hatt god nytte og glede av det både i arbeidslivet og som hobby. I siste halvdel av 90-talet var det populært med heimesider, så eg starta med det, fortel Bjørk. Sidan då har han holdt det gåande.

Eigentleg er han økonom, og heimesida vart holdt i drift fram til litt over årtusenskiftet.

– Saman med nokre hektiske år på jobb, 2-årige IKT-studier og småungar, la eg ho ned i det vesentlege i 2002. Det vart for mykje tid framfor skjermen, så eg måtte omprioritera.

LES OGSÅ: Lever livet ute

Ville bli kjend i kommunen
Interessa for turar har vore til stades endå lengre enn interessa for data.

– Eg har alltid gått turar på Hermansverk (på Leikanger, jour.anm), mest i Njøsadalen). I tida fram til 2007 byrja eg å gå turar andre stader enn i Leikanger, for å gjera meg kjent med heile kommunen.

Andre sine skildringar av desse turane tykte han var litt for korte. Difor ville han gjera noko med saka sjølv.

– Eg tenkte det kunne vera ein god idé å skildra og visa turen med bilete for å gi andre ein betre føresetnad for å gå turen. Med andre ord ville eg fjerna terskelen og «marknadsføra» turane som ligg rett utom døra på Leikanger.

Og det var ein god idé – Bjørk fortel om mange gode tilbakemeldingar.

Les fleire gode, nynorske bloggar her

Vil ha nynorsk på Google Docs
Eit av dei mest leste innlegga på bloggen er ein førespurnad Bjørk sendte til Google om å få støtte for nynorsk stavekontroll på Google Docs.

– Eg tykkjer Google Docs har bedre funksjonalitet enn Microsoft Office på nett. Men for dei som vil skriva nynorsk og treng stavekontroll, må ein diskvalifisera Google Docs, forklarar Bjørk.

Han tok saka i eigne hender, og spurde Google når det ville bli støtte for nynorsk hos dei. Svaret han fekk skuffa han.

«Hi Arild,

Thank you for posting and for the feedback. Unfortunately I do not have a timetable on when the Neo-Norwegian/Nynorsk language will get implemented. The team is aware of the requested implementation.

Best,

Kevin»

– Som nynorskbrukar er det trist at Google overser så mange nordmenn. Det blir ekstra vanskeleg å forstå sidan nynorsk stavekontroll er på plass i gratis verktøy som LibreOffice og Openoffice, seier Bjørk.

LES OGSÅ: Filosofisk til middag

Vegen er like interessant

Det tek ikkje like mykje tid å driva ein blogg som det gjorde før.

– I forhold til ved tusenårsskiftet med heimeside der eg ordna alt frå design, grafikk, HTML-koding, javascript med meir er det ein brøkdel av tida som går med. Det varierer frå månad til månad kor mykje eg skriv.

Når han ikkje bloggar går det ofte i turar i naturen, med MP3-spelaren i lomma. Musikken er viktig, og eit anna innlegg som er godt lest på bloggen er den skuffa omtalen av lyden på Metallica-albumet «Death Magnetic».

Kva er målet med å blogga?

– Må ein alltid ha eit mål? Er ikkje reisa meir interessant?

Veit du om fleire gode, nynorske bloggar? Tips oss her!