Vedtok feil versjon av Grunnlova

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vedtok feil versjon

Dei folkevalde vedtok på det historiske 200-årsjubileet på sjølvaste 17. mai ein versjon som inneheld 25 språklege skilnader frå den versjonen som er den rette, skriv Aftenposten.

LES OGSÅ: Me følgde Grunnlova si ferd frå Oslo til Ørsta

Eit hendeleg uhell
Leiaren av Stortingets kontroll- og konstitusjonskomité, Martin Kolberg (Ap), kalla den gong vedtaket historisk. No seier han at det har skjedd eit hendeleg uhell.

LES OGSÅ: Sju av åtte: – Grunnlova er svært viktig

Fleire endringar vart gjennomført
Framlegget til ein nynorsk versjon av Grunnlova blei innlevert av Frps Anders Anundsen og Per-Kristian Foss frå Høgre i september i fjor. Fleire språklege endringar blei gjennomført, men då Stortinget skulle stemme, var det altså det opphavlege framlegget til Anundsen og Foss det blei stemt over. Slik var det den nest siste versjonen blei vedtatt.

– Anundsen og Foss visste sjølvsagt ikkje at det ikkje var den siste versjonen dei leverte inn. Uansett betyr dette at Stortinget har vedtatt ein grunnlovstekst som på 25 punkt skil seg frå det Stortinget trudde dei vedtok, seier professor emeritus Finn-Erik Vinje som på oppdrag frå Stortinget jobba med språket i Grunnlova. (©NPK)

LES OGSÅ: Grunnlov som symbolpolitikk