Sanksjonar i hytt og vêr

Debatt
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kommentaren vart først publisert i Dag og Tid

Denne veka gav Putin opp å forsvara den russiske rubelen, og dimed gjekk det norske folketrygdbudsjettet framom det russiske forsvarsbudsjettet i storleik. Men det betrar neppe stoda for Ukraina.

«Om ein vil undergrava det kapitalistiske systemet i eit land, svekk verdien av valutaen deira!» sa Vladimir Lenin. I så måte må Vladimir Putin snart stå føre ein kommunistisk revolusjon. I august kosta 100 rublar over 17 kroner; no må vi nordmenn berre betala 14,50 for den same. Mot dollaren har rubelen falle over 30 prosent så langt i år, berre i førre veke ramla han 8 prosent. Denne veka gav difor Den russiske sentralbanken opp å forsvara rubelen. Den fallande oljeprisen og dei stadig stramare sanksjonane gjorde det uråd å halda kursen opp.

Kva tyder dette, har det noko å seia? Ja, det får konsekvensar, til dels store konsekvensar. Om vi til dømes måler det russiske forsvarsbudsjettet i norske kroner, så var det ved inngangen av året på vel 400 milliardar kroner. Det norske folketrygdbudsjettet var på si side om lag 380 milliardar. Folketrygdbudsjettet er framleis på 380 milliardar, medan det russiske forsvarsbudsjettet no er kome under 360 milliardar.

Ja, de las rett: Den norske folketrygda målt både i norske kroner, euro og amerikanske dollar har eit større budsjett enn det russiske forsvaret. Det tyder sjølvsagt ikkje så mykje i rein makt; ein russisk soldat slår nok ein norsk uføretrygda i open strid, men det seier noko om kva lei russisk økonomi no går i.

LES OGSÅ: Putins digitale Russland

Fast kurs
Kva er så dei konkrete mekanismane som fører til at rubelen går ned i verdi? Det finst i praksis berre to typar valutasystem, flytande og faste. I mesteparten av den moderne historia har dei utvikla landa hatt fastkurssystem, det Russland har prøvt ha dei seinaste åra. Det tyder at verdien av ulike valutaer målt mot kvarandre, ligg fast. Dei av oss som er litt opp i åra, hugsar at dollaren fram til ut i 1970-åra alltid kosta 7 kroner og 14 øre, som vi kvar dag vart fortalde av NRK.

Fram til 1914 vart alle valutaer målte opp mot kvarandre via det britiske pundet, og verdas penge­system vart langt på veg regulert frå London. Mellom 1945 og 1973 hadde USA det same ansvaret, og dollaren var måleininga. Men USA nytta reguleringsmakta til å trykkja altfor mange dollar, og slik fekk dei ein stor økonomisk føremon og ein unaturleg høg levestandard samanlikna med andre land. Fastkurssystemet, Bretton Woods som det var kalla, braut difor saman.

Men dette tydde ikkje at valutaen byrja å flyta fritt, det tydde berre at kvart einskilt land sjølv måtte freista å regulera verdien av eigen valuta. Noreg prøvde lenge å regulera verdien av den norske krona gjennom kjøp og sal via Noregs Bank, men gav opp mot slutten av 1990-åra. Verdien av den norske krona vert difor no avgjord av marknaden. Om marknaden meiner norsk økonomi er god og skal verta betre, kjøper marknaden mange kroner og verdien går opp, motsett sel marknaden når han meiner at utsiktene er dårlege, og verdien går ned. Men sidan norsk økonomi tradisjonelt er nokså stabil, vert ikkje svingingane i norsk krone særleg store, og vi nordmenn kan trygt ignorera valutakursane.

LES OGSÅ: Putin vil boikotte Snøfrisk

Drosjesjåførar kan alt
Det kan ikkje den jamne russaren, russisk økonomi har stort sett alltid hatt enorme svinging­­ar. Før Putin tok over for fjorten år sidan, visste alle drosjesjåførar kva valutakursen var, og under kommunismen visste dei og stort sett alle andre russarar kva den uoffisielle kursen målt mot dollar var; ingen brydde seg om den offisielle. Eit system med sterkt varierande valutakurs skaper ustabilitet, låge investe­ringar og sparing i dollar. Utan ein nokolunde stabil valutakurs er det vanskeleg å styre ein økonomi, og leiarskapen vert dimed svært upopulær. Det er nett det Vesten vonar å oppnå med sanksjonane mot Russland, å gjera leiarskapen upopulær gjennom å devaluera rubelen. I så måte var kunngjeringa denne veka om at Russland gav opp å forsvara rubelen ein enorm siger for Vesten, særleg sett i ljos av at russarane tapte alle sparepengane i 1990-åra.

Putin er sjølvsagt klar over dette. Mykje av grunnen til Putins popularitet ligg nettopp i pengepolitikken. Putin førde i si tid nemleg inn eit fastkurssystem. Russarane fekk dimed stabilitet for både sparepengane sine og i prisane på utanlandske varer. Putin har fått til dette gjennom å taka mykje av makta og ressursane frå ulike private aktørar og frå andre politiske maktsentrum attende til Kreml. Men hovudårsaka ligg i olje- og gassprisen, som heilt sidan han fekk makta, har gått opp og opp.

LES OGSÅ: NU vil politimelda russisk miljøversting

Stadig meir dollar
Fastkurssystemet har fungert på denne måten: Når eit russisk selskap sel olje til utlandet, får det som alle andre oljeprodusentar betalt i dollar. Når selskapet så skal betala løn og investera, har selskapet måtta veksla inn dollarane i rublar i sentralbanken. Det meste av tida under Putin har Russland hatt handelsoverskot med utlandet, dimed har sentralbanken fått stadig meir dollar, og dimed har det vore nyttelaust å spekulera mot rubelen. Putin har fram til dei seinaste åra heller ikkje falle for freistinga å nytta dollaren til å kjøpa varer og tenester i utlandet.

Men dei seinaste åra har dette endra seg, Putin har særleg auka forsvarsbudsjetta, som igjen har kravt innkjøp av moderne teknologi frå utlandet, sidan Russland er nokså dårleg på tekno­logiutvikling. Men nett den stabile rubelen har òg gjeve Russland ei massiv teknologioppgradering, særleg innanfor telekommunikasjon, men òg innanfor olje- og gassproduksjon. Eit selskap som Telenor, til dømes, har under Putin vorte ein stor aktør i Russland og har gjeve frå seg massivt med moderne teknologi gjennom investeringar i landet, og det har ikkje gjort noko for Telenor at inntektene har vore i rublar sidan kursen på rublar mot dollar og norske kroner har lege fast.

LES OGSÅ: Hipsterparadokset

Heilt slutt
Alt dette er no slutt. Telenor og stort sett alle andre norske selskap med noka form for tekno­logikompetanse får ikkje leng­er lov til å investera i Russland, og dei som alt har investert der, har fått ein inntektsnedgang på minst ein tredjedel, ein inntektsnedgang som berre vil halda fram i takt med at russisk økonomi går attende. Stakkars John Fredriksen måtte i førre veke gje opp ein kontrakt til 30 milliardar med det store oljeselskapet Rosneft.

Vil så sanksjonane ha ein effekt? Truleg, særleg av di oljeprisane har gått så mykje ned. Dei vil mellom anna føra til stor inflasjon sidan alle importvarer går dramatisk opp i pris, og Russland produserer lite eller ingenting av det russarane etterspør. I tillegg har oljeindustrien, jamvel om det var store utanlandske investeringar i landet, eit stort vedlikehaldsetterslep, og dess­utan vert det mykje vanskelegare å utvikla nye felt. Varer sanksjonane ved, vil også delar av det som russarane har teke for gjeve –internett og mobil – kunna kollapsa eller i det minste verta dårlegare.

LES OGSÅ: Lost in translation

Sjå til Ungarn
Slikt kan få særs konkrete politiske konsekvensar, noko Putin inderleg vel veit, sidan han som KGB-agent måtte vera passiv tilskodar til at Berlinmuren fall, eit fall som vart direkte utløyst av at Ungarn ikkje hadde internasjonal valuta til å kjøpa vestleg teknologi.

Miklos Nemeth er ein mann som har fått altfor lite merksemd og ros av historikarar. I 1988 var Ungarn i praksis konkurs, og ingen av dei kjende kommunistane ville taka på seg ansvaret for å fortelja ungararane dette; difor utnemnde kommunistpartiet den ukjende førtiåringen og økonomen Nemeth til statsminister. Fyrste kvelden sette han seg til å lesa statsbudsjettet, post for post, åleine på kontoret. Etter å ha lese heile budsjettet sat han att med éin post han ikkje forstod, og det var den største posten. Alt den vart kalla, var fire bokstavar som ikkje gav meining.

Dagen etter spurde han dei andre ved Statsministerens kontor kva posten var. Ingen visste det. Han tok kontakt med forsvarsministeren, som visste, men helst ikkje ville tala om den. Men til slutt gav han etter for presset frå Nemeth. Posten var grensa mot Austerrike, som vart stadig dyrare å vakta. Overvakinga var basert på infraraude strålar, ein teknologi som var kjøpt i vest. Han fungerte stadig dårlege og reagerte på alt frå harar til revar til ingenting, noko som gjorde at grensesoldatane stadig måtte rykkja ut til falske alarmar og dimed vart stadig sløvare. Og jamvel om posten var den største på statsbudsjettet, vart vedlikehalds­etterslepet stadig større. Så kva no?

LES OGSÅ: Vart bønnhøyrt for 25 år sidan

Helten Gorbatsjov
Nemeth drog til Moskva og spurde Gorbatsjov kva han ville gjera om det kom dramatiske endringar i Ungarn. Gorbatsjov gav ingen konkrete svar, men sa at så lenge han sat ved makta, kom Sovjet aldri til å invadera Ungarn som i 1956. For å gjera ei lang historie kort: Nemeth innsåg at Ungarn ikkje hadde råd til eit nytt overvakingssystem ved grensa, Ungarn hadde ikkje nok d-mark og dollar. Alternativet var soldatar langs heile grensa som skaut på det som røyvde seg. På seinsumaren 1989 var det nettopp det som hende, ein ung austtyskar vart skoten i brystet ved grensa.

Nemeth ville ikkje ha meir blod på hendene og tok kontakt med Helmut Kohl. «Eg opnar grensa mot Austerrike.» Den sentimentale Kohl byrja å gråta og sa at Tyskland ville hugsa Nemeth for alltid. Men han var ikkje meir sentimental enn at han straks ringde Gorbatsjov og spurde om han hadde godkjent opninga. Alt Gorbatsjov svara, var at «Ungarns statsminister er ein god mann». Gorbatsjov har i ettertid gått ved at han forstod at dette kunne verta slutten på hans eiga tid som leiar, men han tillèt det heile.

Nemeth opna grensa, og 100.000 austtyskarar flydde til fridom, nokre månader etter kollapsa Muren og heile jarnteppet. Ungarn hadde ikkje råd til fleire infraraude strålar.

LES OGSÅ: Det største norske sviket

Kina tek over
Soga er vakker, men det er ikkje sikkert at ho har overføringsverdi til Russland. Putin er framleis ein svært populær leiar. Han har gjeve russarane stabilitet. Då avgjerda om å lata rubelen flyta vart kjend, sa Putin at dette ikkje var ein konsekvens av russisk politikk eller endringar i russisk økonomi, men at det skjedde på grunn av vestlege spekulantar og regime. Det har han i og for seg rett i. Korkje oljeprisen eller internasjonale investeringar er det Putin som styrer.

Kven er det så som kan fjerna Putin om ikkje russarane vil, og det vil dei neppe på svært lang tid enno, veljarane hugsar elendet under Jeltsin? Jau, det er generalane. Men generalane har gjennom invasjonen av Ukraina fått auka legitimitet, ikkje mindre. Generalar gjennomfører sjeldan kupp om dei har ein krig å føra. Sanksjonane fortel russarane éin ting: At Vesten er fienden, og at den nedgangen dei får i levestandard, er påførd dei utanfrå.

Sanksjonane har ein annan effekt, at Kina og Russland kjem nærmare kvarandre. Putin var i Kina for å skriva under nye samarbeidsavtalar då rubelen byrja å flyta, eit Kina som alt har gjeve han store dollarlån og som har varsla enorme investeringar i Russland. Om ikkje anna kan vi seia at sanksjonane bidreg til ei meir bipolar og attkjenneleg verd. Men det hjelper ikkje ukrainarane. For i ei bipolar verd høyrer dei til Russland. 

LES OGSÅ: Folket som ventar