Tre av åtte nominerte er nynorske

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Tre av åtte er nynorske

Ein kritikarjury har nominert åtte skjønnlitterære bøker for vaksne utgitt i 2014. I år er nesten halvparten av dei nominerte nynorske utgjevingar.

No skal 180 elevar i den vidaregåande skulen ta over kritikarrolla. Dei har fire månadar på seg til å lesa og bedømma dei utvalde bøkene, skrivne av nokre av Noregs fremste forfattarar.

Prisen vart etablert etter initiativ frå Foreningen !les i 2005 og vert delt ut for tiande gong i mars 2015.

LES OGSÅ: Kritisk norskundervisning 

Kreativ skule
Høgskulen Westerdals er godt representert blant årets nominerte.

Både Kjersti Wøien Håland frå Høyanger i Sogn og Fjordane og Amalie Kasin Lerstang har studert ved tekstforfattarlinja.

Dei to er jamgamle, men medan Kasin Lerstang har skrive om korleis det er å vere ung i eit kriseramma Europa i debutromanen sin – som har fått namn etter kontinentet, er Wøien Håland sin roman «Dommedøgn» sett til den fiktive Vestlandsbygda Berg.

– Eg tykkjer det er veldig gøy å vere nominert. Eg likar godt den aldersgruppa og tykkjer det er kjempekult med ein kombinasjon av jury og eit utval av klassar. Slik eg har forstått det vert det eit møte med ungdommane etter utdeling der alle nominerte får snakka og diskutera med dei som har lese bøkene. Det vert veldig spanande, seier Wøien Håland på telefon til Framtida.no.

Nominasjonsjuryen meiner Wøien Håland har skrive ein sprelsk og humoristisk roman, som ikkje går av vegen for å snakka alvorleg om ideologi og meiningsløyse, fellesskap og øydelegging. 

Sju juryklassar frå Egersund i sør til Karasjok i nord er no i gang med å lese dei nominerte bøkene.

LES OGSÅ: Fosse ut mot språktvang for journalistar 

Store nynorske
Årets nominasjonar er prega av dei store temaa: Kjærleiken, livet og døden.

– Desse åtte bøkene framheld sjølvsagt den evige litterære brønnboringa i kva det vil seia å vere eit menneskje, men samstundes er fleire av dei òg utåtvende og engasjerte på ein veldig oppløftande måte. Årets nominerte utgjer eit vidstrekt spekter, frå det heilt kvardagslege til det meir etiske, men òg reint ut politiske, seier Erik Engblad i nominasjonsjuryen.

Den verdskjende nynorskdramatikaren Jon Fosse er nominert for romanen «Kveldsvævd», siste band i Andvake trilogien. 

Nominasjonsjuryen meiner Fosse i trilogien, som er sett til Bjørgvin-området i eldre tider, skriv i eit tilsynelatande ukomplisert og ujålete språk, med bibelske undertonar.

Bibelsk er eit stikkord som i aller høgste grad skildrar den tredje utgjevinga til Lars Petter Sveen. I år gav 33-åringen ut «Guds barn», som i likheit med dei føregåande fekk gode kritikkar.

Nominasjonsjuryen meiner at styrken i «Guds barn» er forfattaren si uredde handsaming av gedigne storleikar som godheit, vondskap og den kristne biletkrets.

«Når boka i tillegg er meisterleg skriven og komponert, er det ingen tvil om at «Guds barn» står som eit eksempel på kva norsk samtidslitteratur potensielt sett kan vere,» heiter det vidare i grunngjevinga. 

Tidlegare i år var det Agnes Ravatn, som stakk av med Ungdommens kritikarpris 2014 for «Fugletribunalet».

LES OGSÅ: Den nye, gamle historia 

Auka litteraturengasjement
Dagleg leiar i Foreningen !les, som er ansvarlege for prisen, meiner Ungdommens kritikarpris har etablert seg som ein av Noregs viktigaste litterære prisar.

– Ungdommens kritikarpris anerkjenner og synleggjer ungdoms lesingar av samtidslitteratur. Gjennom prisarbeidet vert ungdom tekne på alvor som lesarar og får oppleve sprengkrafta i litteraturen. Me lærer alltid noko nytt når me spør ungdom om litteratur, og ser at prisarbeidet bidreg til å auke elevanes engasjement og interesse for litteratur, seier dagleg leiar Wanda Voldner.

Prisen vert òg støtta av Utdanningsforbundet, Norsk kritikerlag, Lesesenteret i Stavanger og Den norske Forleggerforening.

Faktaboks

 Dei nominerte:

Rune Christiansen: Ensomheten i Lydia Ernemans liv (Oktober)

Jon Fosse: Kveldsvævd (Samlaget)

Amalie Kasin Lerstang: Europa (Cappelen Damm)

Terje Holtet Larsen: Kjærlighet mellom intelligente menn (Oktober)
Kjersti Wøien Håland: Dommedøgn (Flamme)

Birger Emanuelsen: Fra jorden roper blodet (Tiden)

Lars Petter Sveen: Guds barn (Aschehoug)

Nils Christian Moe-Repstad: 19 forgiftninger (Flamme)

Juryklassane:

Valler vgs, 2E studiespesialisering, Akershus

Os Gymnas, 3 kl. studiespesialisering, Hordaland

Stange vgs, 3. kl. studiespesialisering Dans/drama, Hedmark

Samisk vgs, Karasjok, 2. kl. studiespesialisering, Finnmark

Eid vgs, 3PÅA, Sogn og Fjordane

Dalane vgs, yrkesfag, Rogaland

Strømmen vgs, 2. kl. elektro (automasjon), Akershus