Jo – det ER lov med dyrare kvinneklipp enn herreklipp. Landsretten i Danmark seier det ikkje er diskriminering.

Det er ikkje uvanleg at damer må punga ut langt meir enn menn for ein hårklipp. Men er det kjønnsdiskriminering?

Nei, seier den danske Landsretten i ein fersk dom, ifølgje DR DK.

LES OGSÅ: Feminisme-testen

To ulike klippar
Dommen i Landsretten, som ligg eit nivå under Høgsterett i Danmark, seier at det er lovleg å setja høgare pris for dameklipp enn herreklipp, rett og slett fordi det tek kortare tid å klippa ein herrefrisyre. Difor er det ikkje kjønnsdiskriminering, meiner Landsretten.

– Utifrå bevisføringa har Landsretten avgjort at det faktisk er skilnad på dame- og herreklipp, då dameklippen er meir innvikla og tidkrevjande, sa dommar Katja Høegh til DR.

LES OGSÅ: Nakensjokk som lynavleiar

Letta frisørar
Den danske frisørforeininga DOFK ser på dommen som ein siger.

– Det er veldig deilig, me har vunne på vegne av alle medlemma våre. Det har vore viktig for oss å fortelja kvifor det er dyrare med dameklipp, seier Connie Mikkelsen, leiar av foreininga, til DR DK.

Bakgrunnen for at saka kom til Landsretten var at ei kvinne med kort hår fekk erstatning på 2500 danske kroner i desember for at ho måtte betala meir for sin klipp enn ein mann med tilsvarande hårlengde. Det meinte ho var diskriminering, men frisørane kjempa imot.

Det enda med dagens dom. Det vart og diskutert i retten om det skulle vera lov for kvinner å be om ein herreklipp og betala kun for det, men dei kom ikkje fram til ein konklusjon, grunna manglande bevis. Dei hadde ikkje mange dokumenterte tilfelle av at kvinner ba om herreklipp.

LES OGSÅ: Meir kvardagspupp

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.56

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE