Noreg er det landet i verda som er best budd på klimaendringane, ifølgje ei undersøking frå Notre Dame-universitetet.

NPK-NTB
NPK-NTB

Kvart år rangerer universitetet land etter kor utsett dei er for ekstremvêr, naturkatastrofar og andre konsekvensar av klimaendringane, og dessutan kor godt rusta landa er til å hanskast med dei. Noreg har toppa lista i snart 20 år.

LES OGSÅ: Mykje meir ekstremt vêr i vente

Best og dårlegast førebudd
– Eg er glad for denne stadfestinga på det norske arbeidet som går føre seg med å ta fatt i konsekvensane av klimaendringane, seier klima- og miljøminister Tine Sundtoft (H), ifølgje Noregs ambassade i Washington.

New Zealand, Sverige, Finland og Danmark følgjer Noreg på toppen av lista. Dei fem landa som er minst førebudd på klimaendringane, er ifølgje lista Tsjad, Burundi, Eritrea, Den sentralafrikanske republikk og Kongo.

– Noregs lange kystlinje og høge fjell gjer at vêr og klima har påverka kvardagen til nordmenn i tusenar av år, og gjer det framleis. Noreg har derfor lang erfaring med å handtere ekstremvêr, seier Sundtoft.

– Vi vil fortsetje å jobbe med verdssamfunnet for å møte dei utfordringane vi alle står overfor, legg ho til. (©NPK)

LES OGSÅ: FN: Heitebølgjer er klimakatastrofar

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.56
ANNONSE