«Fugletribunalet» blir teater

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Suksessroman blir teater

– Det er ein draum som har gått i oppfylling, ein draum eg ikkje har vågd å drøyma høgt. Eg er svært glad for at «Fugletribunalet» skal til scenen, sa Ravatn då Det Norske Teatret onsdag la fram vårrepertoaret for 2015.

LES OGSÅ: Alvorsprat med morosam dame

Vårpremiere
«Fugletribunalet» får urpremiere på Scene 2 21. mars. Marit Moum Aune har regien. Ho har tidlegare dramatisert romanane til Olaug Nilssen «Få meg på for faen», «Vi har så korte armar», og no sist «Stort og stygt», som på nytt blir å sjå på Det Norske Teatret til våren.

– Vi er opptekne av å dramatisera sterke norske forfattarskap. Agnes Ravatn er ei av desse sterke stemmene, seier teatersjef for Det Norske Teatret, Erik Ulfsby.

Med «Fugletribunalet» vann Ravatn prisen til P2-lyttarane i 2013 og fekk Ungdommens kritikerpris i 2014.