Men dei har ikkje noko å bekymre seg for. 

Christina Lande (16), VGS-elev
Christina Lande (16), VGS-elev

Christina Lande skreiv for Framtida.no i høve Operasjon Dagsverk

Tenåringsforeldre ser ofte på Internett som ein skremmande stad å la barna sine gjera kva dei vil. Eg har inntrykk av at dei er skeptiske fordi dei ikkje har særleg kontroll over kva ungdommen gjer. Dette er forståeleg, men bør dei eigentleg vere så engstelege?

LES OGSÅ: – Eit stort, stinkande samfunnsproblem

«The Snappening»
Eg skjønar at hendingar som «The Snappening», er skremmande. Hendinga der store tal nakenbilete sendt via sosiale medium er vorte stolne og offentleggjort har fått mykje medieomtale. Dette er ei av mange skrekkhistorier som bekymrar foreldra. Andre døme er historier om ungdom som har prata med nokon på nettet, der det har vist seg at dei er nokon heilt andre enn påstått. Media vel oftast å fokusera på den negative sida av kvar sak, og meiner at vi ikkje brukar Internett forsiktig nok.

Internett er i prinsippet ein heilt fantastisk plass, av fleire grunnar. Du kan lære så utruleg mykje. Her er det ikkje berre snakk om å få kunnskap frå informative sider, men du lærer så mykje av andre.

Tenk deg litt om; Om det skjer noko skandaløst ein plass på jorda, tar det maks ti minutt for heile verda å vite det. Nyheiter vert spreidd som brann på open mark, og det går ikkje lang tid før landskriser er høyrd overalt. Dette kan hjelpe oss å finne og løyse problem fortare. Nokre sosiale medium eg sjølv har lært mykje av, er mellom anna Tumblr og Twitter.

LES OGSÅ: Endeleg har vi fått nok privatliv

Twitter, Tumblr, Troll
På Twitter finst både humor, men også diskusjon av seriøse saker. Kven som helst kan uttale seg her, og det er interessant å høyre meiningar frå mange ulike folk. Samtidig er det kjekt å halde seg oppdatert på alt som skjer rundt i verda.

Diverre har me òg ein del såkalla ”nettroll”. Eit typisk nettroll keiar seg veldig mykje og kjem med negative kommentarar (som oftast er det ikkje relevant eingong) om den fyrste og beste saka. Ein, eller vanlegvis mange, vil då angripe dette ”trollet” med argument og reflekterte grunnar for kvifor det han/ho seier er feil. Av dette lærer ein sjølv kva ein skal tolerere og ikkje tolerere, og korleis ein ordnar opp i liknande situasjonar.

Eg har brukt Tumblr i snart to år og vil seie at det er eit medium som har alle andre medium samla i det. Skjer det noko, kva som helst, så har nokon på tumblr definitivt diskutert det. Tumblr har alt, frå inspirasjon til diskusjon, humor til politikk. Dei erfarne Tumblr-brukarane er dessutan veldig opptatt av å ikkje diskriminere andre, for eksempel på grunnlag av seksuell orientering. Her er vi også opptatte av å ta ”nettrolla” og gi dei beskjed om at det dei gjer ikkje er akseptabelt.Det blir som ei oppdraging 

LES OGSÅ: – Ein kan læra seg kva som helst på Internett

Inn i den mystiske bilen
På sosiale medium blir ein òg kjent med folk. Dette skremmer foreldre, som fryktar at ungdommen kan ha møtt ein annan person enn dei trur.

Men høyr her: Vi lærer i ein relativt ung alder at ein ikkje skal la seg lure inn i ein mystisk bil av ein sketchy type som tilbyr oss godteri. Kvifor skal det vere annleis på nettet? Når vi er lærde til å bruke det i ein ung alder, forstår vi sjølve kva ein gjer og ikkje gjer etter kvart. Ein som er vaksen nok til å verte kalla ein ungdom, er truleg klok nok til å sjå fareteikn når den pratar med ein framand.

Via sosiale medium har eg fått mange vener frå nesten heile verda. Utan Internett hadde eg aldri møtt Sarah, ei fotografi-glad jente frå Indiana. Eg tør å påstå at eg har sjølv vore ekstremt forsiktig då eg blei kjent med dei fleste. Eg har også hatt videosamtalar med dei nærmaste, noko som verkeleg støtter det faktum at for eksempel Sarah – faktisk er Sarah.

LES OGSÅ: Skjønar ikkje teknospråket

Verda blir mindre
Med så mange vener frå forskjellige stader, lærer eg ein heil masse. Du får fleire perspektiv å sjå ting frå, og lærer mykje om forskjellige kulturar. Dette treng du heller ikkje å ha Internett-vener for å lære. På sosiale media finst det eit heilt hav med forskjellige meiningar og perspektiv. Med desse får ein større forståing for kvifor andre trur og meiner akkurat dei gjer. Over Internett er det så mange kulturmøter som gjer at verda blir mindre.

De skjønar: Vi blir meir og meir like ein annan. Ved å sjå ting frå ein annan sin ståstad, blir ein meir imøtekomande og dette blir lettare og respektere kvarandre. Eg trur altså at Internett gjer denne generasjonen mykje meir liberale og opne for nye ting enn den førre, og dette kan vere positivt for framtidige konfliktar.

LES OGSÅ: Nynorsk som fullverdig dataspråk

Slapp av!
Så, det er ikkje så mykje å bekymre seg for. Berre ein går forsiktig fram, er det ikkje så farleg å sleppa ungdom laus på nettet. Det er me ungdommar sjølv som må tenkje over kva me gjer, og me må lære korleis me skal takle situasjonar og korleis møte forskjellige meiningar. Kven veit, kanskje vår generasjon kan utrette noko fantastisk med den nye holdninga? De foreldre kan senke pulsen. Det er ikkje noko å bekymre seg for her.

LES OGSÅ: Protestar mot Internettskatt

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.56

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE