Ei feiring av lokaldemokratiet
I går morgon vakna mange opp til kommunehus dekt med ballongar. Norges Bygdeungdomslag har hatt aksjonsveke.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Me tykkjer lokaldemokratiet er viktig og må hegnast om. Denne veka er det aksjonsveke i organisasjonen, og i år er temaet «Bygdemokrati» som handlar nettopp om å setja fokus på lokaldemokratiet, seier leiar i Norges Bygdeungdomslag, Gunn Jorunn Sørum i ei pressemelding.
Difor vart rundt ein femtedel av kommunehusa i landet dekka av ballongar – nokre stader var det til og med kake, ifølgje pressemeldinga.
LES OGSÅ: Ungdomsreformen
Hjarte for kommunen
Det er den pågåande debatten om kommunereformen samt kommune- og fylkestingsvalet til neste året som er grunnlaget for kjærleikserklæringa for lokaldemokratiet.
– Me meiner at beslutningar må, så langt det er mogleg, takast i små einingar av dei som bur på staden. Tilhøyrigheit og kunnskap om staden ein bur er unik kompetanse. Me veit at engasjement, samarbeid og dugnad er viktige grunnsteinar i eit velfungerande lokalsamfunn, og det er det me ønskjer å setja fokus på med denne aksjonen, seier Sørum.
LES OGSÅ: – Eit lotteri med unge si helse
Lytt til ungdommen
At ungdommane sine stemmer kjem fram i debatten, er og ein viktig del av kampanjen, og noko Bygdeungdomslaget vil minna på i debatten om kommunereformen.
– Me representerer både dagens og framtidas innbyggarar. Kommunane er no i gang med å laga sine framtidsplanar for reformarbeidet. Me meiner det er viktig å minna om at dei må legga til rette for gode arenaer der ungdom får komma til orde i arbeidet, seier Sørum.
LES OGSÅ: Sosiale media skremmer foreldra