Gode minne frå Uganda

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Bømlo vidaregåande skule (BØV) har dei siste åra valt å nytte OD-dagen til å samle inn pengar til barneheimen Toro Babies Home i Uganda. Helena K. Valde (18) er lokal prosjektleiar på BØV. I sommar vart ho med eit reisefølgje som vitja barneheimen i Afrika.

Valde går i år tredje året studiespesilaisering på Bømlo vidaregåande skule. I vår søkte ho om å få bli prosjektleiar for Toro Babies Home på skulen. Ho fekk ja, og i midten av juni reiste 18-åringen til Uganda med i eit reisefølgje leia av stordabu Gerda Rongevær. 

Ti år med driftsansvar

Rongevær er primus motor for barneheimen. Ho vitja barneheimen første gong tidleg på 2000-talet, og har engasjert seg sterkt i drifta av denne sidan. No har ho hatt det fulle driftsansvaret for barneheimen i snart ti år igjennom organisasjonen Toro Child Care Center. 

Rongevær har tidlegare ved fleire høve uttrykt si store takksemd overfor Bømlo vidaregåande skule for viktige økonomiske bidrag til barneheimen. I dag bur det kring 50 barn på Toro Babies Home.

Klede og leiker

Turen gjekk med fly frå Noreg til hovudstaden Kampala i Uganda. Derifrå gjekk turen vidare vestover i minibuss til Fort Portal, der barneheimen ligg. Valde tykte turen igjennom Uganda var fantastisk. 

Ho fekk sjå mykje av landet på denne turen. Det tok nesten ein heil dag å køyre store delar av landet på tvers, men då var det også lagt inn noko innkjøp av diverse ting som trengst på barneheimen. Gleda var stor på barneheimen då koffertar med klede og leiker frå Stord og Bømlo vart opna (teksten held fram under biletet).

Hagefest

Opphaldet i Uganda varte i tre og ei halv veke. Valde fortel at barna ein dag vart inviterte til ein hagefest der dei tilreisande frå Noreg budde. Det var nesten som julaftan for barna den dagen.

– Korleis opplevde du barneheimen?

– Landsbyen der er veldig fattig. Barna som bur på barneheimen har det fantastisk. Dei har vore heldige. Der er det trygt og godt. Denne barneheimen er den einaste som tek imot funksjonshemma. Medan me var der vitja me også SOS Barnebyer med 100 barn. Dei driv litt på same måten, med åtte-ti barn i kvart hus med ei «mor» som har ansvaret for sine barn, fortel Valde (teksten held fram under biletet).

Bondegard og yrkesskule

Pengane som elevane på Bømlo vidaregåande skule samlar inn på OD-dagen går altså til barneheimen. Det vil seie, pengane går til eit landsbyprosjekt som barneheimen står bak. Det blir bygd opp ein bondegard der det mellom anna blir halde grisar og dyrka grønsaker. 

Planen er at barneheimen etter kvart skal bli sjølvforsynt med mat frå denne garden. I tillegg skal garden etter kvart kunne bli ein yrkesskule. Kunnskap om å drive ein gard og dyrke sin eigen mat blir viktig. 

Elevane på yrkesskulen vil gjerne kunne få sin eigen jordflekk med eit hus på. Eit hus kostar kring 2.000 norske kroner å byggje, forklarer Valde.

– Garden såg veldig bra ut. Naturen der var heilt fantastisk og frodig (teksten held fram under biletet.

Garden har også grisar. Dei held til i denne innhegninga. Foto: privat.

Støtte for heile landsbyen

Valde peiker på at barneheimen gir positive ringverknader for landsbyen lengst vest i Uganda. Mykje av det landsbyen og garden treng blir kjøpt inn lokalt. I tillegg gir barneheimen eit levebrød til dei som jobbar på barneheimen og deira familiar.

– Det var Gina Aasheim som var prosjektansvarleg på BØV i fjor. Ho var også med på turen. I år går ho på Høgskulen Stord Haugesund. Neste år blir det Lars Esperø og Malin Fotland som blir prosjektleiarar hos oss. Lars går i første og Malin i andreklasse her på BØV i år, seier Valde. 

Dermed held engasjementet på skulen fram for barneheimen i Uganda. Det var mange skuleelevar på BØV som på torsdag gjorde ein viktig arbeidsinnsats for barna i Fort Portal.

– Eg er spent på kor mykje me får inn i år. Blir det ny rekord?

Les saka i Bømlo-Nytt!