KrF: – Dropp kutt i formuesskatten

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Dropp kutt i formuesskatten

Kristeleg Folkeparti la fredag fram sitt alternative budsjett. Tysdag set partiet seg ned saman med Venstre og regjeringspartia Høgre og Frp for å forhandle om neste års statsbudsjett.

Frå KrF-hald får regjeringa beskjed om at forslaget om eit kraftig kutt i formuesskatten neppe vil overleve forhandlingane.

– Eg er ganske så sikker på at det blir endringar i formuesskattopplegget, ja, seier KrFs finanspolitiske talsmann Hans Olav Syversen til NTB.

Får Venstre-støtte

Venstre sa fredag nei til å senke satsen på formuesskatten for dei rikaste. Partiet vil la 300.000 personar som i dag betaler formuesskatt, få sleppe heilt, men nektar å gi éi krone i skattelette til dei aller rikaste, ifølgje VG.

KrF gjer det i sitt alternative statsbudsjett klart at partiet ikkje vil godta regjeringsforslaget om kutt i formuesskatten.

– Det har ikkje KrFs støtte, fordi det er usosialt og lite treffsikkert med tanke på å stimulere verdiskapinga, skriv KrF.

Partileiar Knut Arild Hareide viser til at leiande økonomar har peikt på at gevinsten for næringslivet av å kutte i formuesskatten, er usikker.

Regjeringa meiner forslaget er viktig for å la bedriftseigarar investere i utvikling og nye jobbar, i staden for å betale formuesskatt.

Regjeringa foreslår å kutte formuesskatten frå 1 prosent til 0,75 prosent og heve botnfrådraget frå 1 til 1,2 million.

Hard kritikk

Også på ei rekke andre område vanka det hard kritikk frå KrF mot Høgre/Frp-regjeringas budsjettforslag.

– Eg synest utgangspunktet her var meir reinskore frå dei to partia enn eg kanskje hadde forventa, seier Syversen.

Som Venstre går KrF inn for å stogge det foreslåtte kuttet i barnetillegget til uføretrygda.

– KrF vil reversere det usosiale kuttet for uføre og menneske på trygd og stønad, seier Hareide.

Av påplussingar ønskjer KrF blant anna å auke bistanden til 1 prosent av brutto nasjonalinntekt, auke lærartettleiken, auke talet på kvoteflyktningar til 3.000 og innføre to årlege barnehageopptak.

KrF vil også auke kontantstøtta for eittåringane til 7.000 kroner per månad og eingongsstønaden til unge foreldre med over 27.000 kroner.

Gjennomslag

KrF og Venstre har ein samarbeidsavtale med regjeringa. Men innvendingane til partia mot blant anna den sosiale profilen i budsjettforslaget og skatteomleggingar får støtte frå SV og Arbeidarpartiet. Aps Marianne Marthinsen meiner dei to sentrumspartia ville fått større gjennomslag for politikken sin ved å forhandle med opposisjonen.

Hareide viser til at Ap ikkje ønskte å samarbeide med KrF.

– Eg trur Høgre og Framstegspartiet forstår kor viktig det er at vi får gjennomslag. Nokre av forslaga dei kjem med rundt dei usosiale kutta, er vanskelege for oss, seier han til NTB.

Totalt gjer KrF omprioriteringar for 18– 19 milliardar kroner i sitt alternative budsjett. Partiet brukar rundt 2,5 milliardar kroner mindre av oljepengane enn regjeringa legg opp til, og vil behalde årets skattenivå. (©NPK)