Dysterlystig hemntur

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Med ein grålig palett målar manusforfattar og regissør Gunnar Vikene nynorskyndling Frode Grytten sine småtragiske, men fine, skikkelsar på det store lerretet i «Her er Harold».

Midt i alt det grå lyser eit blendande gult og illevarslande IKEA-skilt. Når den gamle møbelforhandlaren – som ein gong møblerte Åsane – går konkurs og missar si kone gjennom 40 år, bestemmer han seg for å ta hemn. Ingvar Kamprad og alt hans billige “sjusk” og “drit” av nokre møblar, er rota til alt vondt. Harold legg ut på biltur frå Åsane til Älmhult med ein vag plan om å kidnappe IKEA-gründaren.

Filmen er basert på romanen «I morgon er det måndag» frå «Saganatt. Lundetrilogien».

Det er fyrste gong Grytten vert filmatisert. Vikene har likevel ikkje vore for boktro, og har valt vekk tidsepoken OL-94 til fordel for dagens Noreg.

LES OGSÅ: Frode Grytten: – Eg er forteljar, ikkje filosof 

Bjørn i bobleplast
Bjørn Sundquist er eit trygt og godt val i tittelrolla. Han har både skuldrer og pondus til å bere ein humorlaus forretningsmann i djup livskrise på hemntokt heilt til Smålands svenske skogar. Ein kjenner på tapet hans, men ler òg av den sjølvdestruktive mannen si kaving.

Den demente kona Marny (Grethe Selius) sine kjønnsrelaterte skjellsord set stemninga for det tragikomiske.

Humoren treff godt, utan å prøve for hardt. Du veit det er ei grå komedie når salen ler når Sundquist serverer replikken: «Mor di e’ dø’. Æ beklage», til den nyskilte, alkoholiserte sonen i Oslo (Vidar Magnussen).

(Og bobleplast kan glede nesten like fasinerande lenge på film, som i det verkelege liv.)

To gubbar og ei jente
Det er eit herleg, ungt pust når den innbitte, tøffe og usikre svenske tenåringen Ebba (Fanny Ketter), dumpar inn i bilen til Harold og vert med på ugjerninga.  

Forholdet hennar til ei einsam mor – som ein gong var ein lovande sportsgymnast, men som no drikk seg full og har tilfeldig sex – er både fint og trist, som Harold sitt forhold til si pleietrengande kone.

Som sjåar vert eg meir engasjert i Ebba og mora, enn Harold sitt forhold til sin eigen son.

Det er vanskeleg å seie kor godt Björn Granath treff i rolla som Ingvar Kamprad. IKEA-gründeren verkar noko karikert, men det er trass alt ingen biografi om IKEA-Ingvar.

Som gretne gamle gubbar står Harold og Kamprad godt til kvarandre. Kamprad har ikkje noko imot å verte kidnappa og er konstant oppteken av mediestategiar og kostnadskutt. Harold tenkjer på kvalitetsmøblar.

Sus frå Odda
Produksjonen har eit tydeleg vestlandsstempel, sjølv om vegen går austover.

Det er fint å få med eit kjapt blikk av Odda ut bilvindauga.

På lydsporet debuterer Janove Ottesen som filmkomponist. Det gjer han godt. Kaizers kan sporast svakt i instrumentvala, men han har lagt til side ompa for å la musikken spele den understrekande rolla han skal ha.

I «Her er Harold» er vegen målet. Diverre endar ikkje filmen med eit stort smell. Det missar liksom litt piffen når kidnappingsplanen fell i fisk, same kor villig offeret er. Men turen til Sverige er lystig smådyster. Dysterlystig. 


Sjå klipp frå filmen under: