Gründerklekkeriet i Langevåg

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka vart først publisert hos Bømlo-Nytt

Engasjementet og kreativiteten bak elevbedriftene på Bømlo har vore stort, og mykje tyder på at enkelte kan ha fått med seg eit og anna tips heimefrå. Særleg har elevane ved Hillestveit skule utmerkt seg med både ambisiøse og utfordrande prosjekt. 

No er årets nye verksemder etablert, noko mang ein bømling kan nyte godt av. Forutan å starte og registrere verksemda i Brønnøysundsregistrene, skal elevane læra seg meir om den daglege drifta av ei bedrift, skaffe oppdrag, føre rekneskap og syte for eit overskot. Ved slutten av skuleåret må ungdommane igjen ein runde gjennom papirmølla og avvikle selskapa.

LES OGSÅ: – Imponert over elevane

Hjelpekameratane
Hjelpekameratane er blant dei som no stiller opp der det måtte vera bruk for dei for å ta på seg oppdrag. Førsteinntrykket når ein kjem inn på «styrerommet» deira er ikkje av ein travel arbeidsdag. Med pc-en i fanget, henslengt i sofaen, diskuterer dei seg i mellom korleis dei skal klare å lokke til seg fleire kundar. 

Men førsteinntrykket kan bedra, for dette er absolutt ikkje ungdommar som er redd for å ta i eit tak. Tvert om. For ein liten penge malar dei malar huset ditt, høgg og stablar ved til vinteren, eller lempar på stein og grus. Mykje lått og løye med den trivelege kameratgjengen som arbeidstakarar kan ein òg rekne med. Og det får ein med på kjøpet heilt gratis.

– Me har fått ei rekkje oppdrag, enkelte har til og med leigt oss inn for vårparten til neste år, så det er stas, seier Hjelpekameratane, og fortel at dei også har luka i blomsterbed og raka gras i Sokkamyro.

– Det er nok av arbeid. Me har hengt opp fleire plakatar der folk kan rive av telefonnummeret vårt, og det går aldri lang tid før me må hengje opp ein ny, fortel Emil Eidesvik.

– I tillegg er det fleire av kundane som berre har høyrt om oss frå andre, samt at me har fått tips om folk som kan ha behov for hjelp heime, og som me så har kontakta, legg Bent Engenes til.

Dei kunne sjølvsagt brukt av skuletimane til elevbedrifta, men dei blir for det meste brukt til å planleggje neste oppdrag.

– Det aller meste av arbeidet tar me på fritida, så det har blitt ein del lange kveldar på oss etter kvart, smiler han.

25nyhelevbedrift31

Marie Hatlevik, Kaia Tollevik, Synnøve Vespestad og Emilie Vold (bak) er travelt opptatt med å gjera klar eit 50-tals smoothie til stamkundane sine, dei tilsette og medelevane på Hillestveit skule.Foto: Frank G. Stenersen

LES OGSÅ: Unge mediegründarar satsar stort

Flotte titlar
Som dei andre elevbedriftene på Hillestveit presenterer også Hjelpekameratane seg og sine tenester på ei nyoppretta Facebook-side, der folk kan ta kontakt om dei har arbeid dei skulle hatt utført.

– Det neste me har på tapetet er å bytte nett i ballbingen her på skulen, og så kan det bli snakk om at me skal byggje ei trapp, seier Eidesvik, som får løyve av resten av gjengen å titulere seg som administrerande direktør.

Så langt kan dei notera seg oppdrag for om lag 10.000 kroner, minus «utgifter til inntekts ervervelse».

– Oppdraga er ein ting, men det er det å skaffe arbeidet, drive verksemda, ha eit personleg ansvar og jobbe i eit team som verkeleg er lærerikt. Her er det me som har det siste ordet, ikkje lærarane, fortel den blide gjengen.

Sjølvsagt har også resten av Hjelpekameratane smykka seg med flotte titlar og kan skilte med sekretær, marknadssjef, arbeidssjef i tillegg til administrerande direktør blant sine tilsette.

No håpar dei på ein kald og inntektsbringande vinter, med innesnødde sambydingar som har behov for eit sprekt brøytemannskap.

LES OGSÅ: Valde spel framfor leilegheit

Fruktelig glade foreldre
På kjøkenet er det Fruktpatruljen som «ruler». Etter at myndigheitene hadde pirra og tirra elevane med å gje og ta frå dei gratis skulefrukt, bestemte ungdommane seg for å gjera noko sjølv.

– Mange meinte det var trist då skulefrukten vart fjerna, og då sa svaret nesten seg sjølv, fortel jenteflokken på seks.

Kvar torsdag har dei ulikt snadder på menyen, og då lokalavisa kikkar innom, står den travle gjengen opptatt med å lage smoothie – til heile skulen. Meir eller mindre.

– Ja, dette er veldig populært. Elevane får røyste over kva dei vil at me skal lage, i tillegg kan me ta i mot bestillingar, seier dei engasjert. 

Også dei fortél om spanande og lærerike oppgåver, og trur elevane set stor pris på tilbodet.

 – Me får i alle fall nok av skryt av resten av skulen, og også foreldra er nøgd når borna deira kan få litt sunn mat på skulen, fortel dei.

LES OGSÅ: Kan norske hyblar løyse amerikansk krise?