Færre unge yrkesaktive

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det går fram av Arbeidskraftundersøkelsen til Statistisk sentralbyrå. Frå 3. kvartal i 2013 til 3. kvartal i år gjekk andelen yrkesaktive frå 58,7 prosent til 56,1 prosent i aldersgruppa 15-24 år.

LES OGSÅ: Det nye utanforskapet

Størst nedgang hos menn
Yrkesaktiviteten, eller arbeidsstyrken i prosent av befolkninga 15– 74 år, var på 71,3 prosent i 3. kvartal 2014. Dette er ned 0,2 prosentpoeng frå same kvartal året før. Nedgangen kom først og fremst blant dei under 25 år, særleg hos menn. Ein del av nedgangen i yrkesdeltakinga blant dei under 25 år heng saman med at færre kombinerte utdanning og deltidsarbeid.

LES OGSÅ: Arbeid som skule

Størst auke blant godt vaksne
Blant personar i alderen 30– 66 år var det derimot ein auke i yrkesaktiviteten frå 3. kvartal 2013 til same kvartal i 2014. Auken var størst blant dei i alderen 55– 66 år, og då spesielt blant kvinner.

I 3. kvartal 2014 var yrkesaktiviteten hos kvinner i alderen 55– 66 år på 64,4 prosent, opp frå 61,9 prosent i 3. kvartal året før. Blant menn i same aldersgruppe auka yrkesaktiviteten med 1,4 prosentpoeng i same perioden, til 72,0 prosent i 3. kvartal 2014. (©NPK)