Protestar mot internettskatt

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ungarns regjering leia av statsminister  Viktor Orbán planlegg å innføra skatt på overføringar av data over internett frå neste år.

LES OGSÅ: To millionar overvaker internett

Fire kroner gigabyten
Forslaget, som no ligg i nasjonalforsamlinga, går ut på at internettleverandørar må betala 150 ungarske forintar, som vert drygt 4 kroner, per gigabyte datatrafikk, ifølgje NTB.  

Internettselskapa skal kunne skrive av den nye avgifta på inntektsskatten, men folk fryktar at det er internettbrukarane som må ta rekninga.

På under ei veke har over 200.000 personar har meldt seg inn i ei Facebook-gruppe mot forslaget.

LES OGSÅ: Internett tar over meir av fritida

Skjermprotest
Forslaget har òg fått ungararane til å ta til gatene.

Ifølgje BBC, meiner motstandarane at internettskatten er antidemokratisk og råkar dei fattigaste. Motstandarane meiner òg at forslaget føyer seg inn i ei rekkje tiltak, som gjer at Ungarn fjernar seg frå resten av Europa.

I går var tusenvis samla utanfor finansdepartementet i hovudstaden Budapest, der dei heldt opp lysande mobilskjermar for å vise sin motstand.

I tillegg vart gamle datadelar dumpa utfor inngangen til regjeringspartiet Fidesz.

På protestarrangementet si Facebook-side var over 40.000 var påmeldte.

Neelie Kroes, visepresident i Europakommisjonen og kommisær for digital dagsorden oppmoda alle sine følgjarar om å protestere på forslaget:

Dei siste åra har den ungarske regjeringa innført fleire skattar og avgifter på telenettet, bank-, varehandel- og energisektorane, for å hanskas med budsjettunderskot.  

Tidlegare i år skreiv Kroes på sin blogg at pressefridomen i landet vert truga med ein ny reklameskatt som råka det største regjeringskritiske mediet RTL spesielt hardt.

LES OGSÅ: Fleire lovar Robin Hood-skatt