Med ny, sexy layout, nye nettsider og ny redaktør er det mykje som skjer hjå bladet Folkemusikk.

mm
Faktaboks

Audun Stokke Hole

Frå Asker, men busett på Bjølsen i Oslo

Har studert lingvistikk, bibliotekfag og skjønnlitterær skriving

Har arbeidd mellom anna som bokbussjåfør og i platebutikk

Kjem frå stillinga som redaktør i Bibliotekforum, medlemsbladet til Norsk bibliotekforeining

Bladet Folkemusikk

Er eigd av FolkOrg, men er redaksjonelt uavhengig

Halvparten av dei oppunder 2000 abonnementane er FolkOrg-medlemmer

Bladet Folkemusikk vart etablert i 2010 på tuftene av Spelemannsbladet og Kvinten

Spelemannsbladet vart stifta allereie i 1941

Kjelde: Folkemusikk.no

LES FAKTALUKK FAKTA

– Eg håpar å få i gang litt debatt på dei nye nettsidene. Med eit blad som kjem ut fire gonger i året har det ikkje vore så lett. Har du eit lesarbrev i mai, og får eitt svar i februar er det vanskeleg å få ein levande debatt. Men det er mange sterke meiningar ute i folkemusikkland, som eg vil få fram, seier Audun Stokke Hole, ny redaktør i Folkemusikk.

Sidan 1. oktober har han jobba i 50 % stilling og held no på å setje seg skikkeleg inn i miljøet, før han tek over for fullt frå 1. desember.

Det betyr at han har meir enn nok å gjere om dagen, og allereie har byrja å tenkje på debutnummeret sitt i februar.

LES OGSÅ: – Ein heilt alminneleg hobby

DJ-vegen til folkemusikk
Stokke Hole har musikkerfaring, men overraskande nok er det ikkje ein folkemusikar som no tar over regissørstolen i Noregs lengstlevande musikkmagasin.

34-åringen har nemleg bakgrunn som platesnurrar. Og som DJ har han spela meir internasjonale tonar enn stev. Men slik – gjennom verdsmusikken – har han teke den musikalske turen via Asia og det afrikanske kontinent, heim til vesle Noreg og dei mangfaldege musikktradisjonane.

Og det er desse tradisjonane landet over redaktøren gler seg mest til å løfta fram. Denne helga gjesta han Osafestivalen på Voss.

– Eg er den fyrste redaktøren på lang tid som sit i Oslo, der det skjer mykje knytt til kultur, musikk og dans. Difor er eg enno meir oppteken av å få reist rundt og møtt grasrota. Det ligg i sjangeren at han har ei veldig lokal forankring, forklarar den ferske redaktøren.

Forgjengaren hans Bjørn Sletten sat til dømes på Vinstra i Gudbrandsdalen.

LES OGSÅ: Folkemusikk til operascena

Vil ut til skulebiblioteka
Bladet Folkemusikk har ikkje oversikt over kor mange av dei oppunder 2000 abonnementane som er ungdom, men den nye redaktøren vonar dei kan nå ut til fleire mellom anna ved å få spreidd bladet til bibliotek og skulebibliotek.

– Eg trur den nye visuelle profilen, syner at ein vil vere meir sexy. Kanskje vert det lettare å ta med bladet frå hylla på Narvesen no? undrar redaktøren, som ikkje kan ta æra for dei ferske endringane og nettsatsinga som skal gjere magasinet meir aktuelt.

Endringane starta før hans tid.

LES OGSÅ: Vinn fram med folkemusikken

Tidleg krøkast
Stokke Hole er ikkje gamalt FolkOrg medlem og kjem i tillegg frå Asker – tjukkaste bokmålsland. Han er likevel ikkje framand verken for folkedans eller nynorsk – som er det redaksjonelle språket i bladet Folkemusikk.

Med ein far som var nynorskmann leste han nynorsk før bokmål, takka vere Norsk Barneblad.

Seinare har den sjølverklærte språknerden studert lingvistikk og har difor ikkje problem med nynorsken.

Òg i folkemusikktradisjonane starta danninga tidleg.

– Eg gjekk i leikaring i barnehagen, men eg lurer på om det forsvann etter det. Eg har likevel ein far som har ein ekstrem kompetanse på området, og har sytt for jamt tilsig av folkemusikk gjennom oppveksten. Foreldra mine møttest i folkemusikkmiljøet i Bergen, så du kan seie eg er eit barn av folkemusikken, medgjev den ferske redaktøren, som sjølvsagt nemnte det på jobbintervju.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.56

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE