Designnøtta

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det er mange som spør meg: «Kan du ikkje berre lage ein til meg?» Det kunne eg jo, men då hadde det kanskje kosta 200.000 kroner, fortel designar Kristine Bjaadal frå Fyresdal i Telemark.

Talet er teke ut av lause lufta, for ho har ikkje rekna på kostnadane av å produsera duken Underfull.

Men at det hadde vorte dyrt er ikkje tvil om. Å produsere store mengder gjer enkeltprodukta billig, å produsere små mengder gjer produktet dyrt. Slik er det berre.

LES OGSÅ: Kreativ problemløysar

Det underlege
– I nesten eitt år etter eg var ferdig på Kunsthøgskulen jobba eg berre med å få han i produksjon. Så fann eg ut at eg heller ville skape noko nytt og bruke merksemda eg hadde fått til å få merksemd kring det nye. Eg ville ikkje at det skulle gå sju år før eg kom med noko nytt. For alle dei som har spurt, vil eg jo at han skal kome i produksjon, men for min eigen del er det ikkje så viktig, fortel Bjaadal, som tykkjer dei underfundige objekta hennar har fått fortalt ei historie. Det er det ho vil med arbeidet sitt.

Prosjektet besto av fleire ting som endrar seg med bruken. Særleg duken Underfull, fascinerte mange. Tanken er at bruk og søling – som sjeldan vert sett pris på – skal gjere duken vakrare.

Hemmelegheita om kva som får raudvinsflekkar til å teikne sommarfuglar på ein kvit duk med eit diskré rosemønster i stoffet, vil ho ikkje ut med. Den ideen måtte ho ta tallause telefonar og prøve seg fram til på tekstilverkstaden på Kunsthøgskulen for å få realisert.

Framleis ringer mastergradsstudentar og stipendiatar innanfor design eller kunsthistorie med spørsmål om duken.

Det kan sjå ut til at duken, trass i at han ikkje er ute i produksjon, er vorte ein liten merkestein i designhistoria.

LES OGSÅ: Designa klede av lakseskinn

Norsk på kartet
I desse dagar er Kristine Bjaadal aktuell som med-prosjektleiar for utstillinga Verdi, som markerer starten på Norway Designs NÅ, som har som mål å løfte fram norske designarar. 14 formgjevarar stiller ut arbeida sine i lokala til butikken Norway Designs i Oslo fram til 25. oktober. Bak initiativet står Norske kunsthåndverkere og Klubben – som består av norske designarar.

Målet er å få norske auger opp for det som skjer på heimebane.

– Folk har verkeleg fått augo opp for norsk design ute i verda. Tidlegare har Noreg vore litt i skuggen av Skandinavisk design, som gjerne vert forbunde med dansk, svensk og til og med finsk, som strengt tatt ikkje er Skandinavia, forklarar Bjaadal.

LES OGSÅ: Christian gjer designsuksess

Den gløymte arven
Dagleg leiar i Norsk design og arkitektursenter (DOGA) Benedicte Sunde har i fleire år jobba med å få norsk design ut i verda, mellom anna gjennom å kuratera den London-baserte utstillinga 100 % Norway, som hadde tiårsjubileum i fjor. Ho kan bekrefta at norsk design er i vinden.

– Då eg byrja i 2007 måtte me leite med lykt og lupe etter unge norske designarar, slik er det ikkje no lenger. Det er bygd opp ei interesse for norsk design gjennom medieoppslag, skulane har utvida tilboda og det har vorte betydeleg fleire kvinnelege søkjarar. Det har vore ein eksplosjon av unge norske designarar som har reist ut, seier Sunde engasjert, og nemner mellom anna Klubben, som eit godt initiativ for å fremme norsk design – både ute i verda og heime.

Ho peikar på at det er mange parameter som gjer at norsk design er på veg oppover. Norske designarar nyttar i stor grad naturreferansar, i likheit med sine lovpriste skandinaviske kollegaar. Men noko er ulikt.

– Dei norske designarane har ikkje ein like stor arv å måle seg etter, som til dømes danskane med Jacobsen og finnane med Alvar Aalto. Sidan norsk design frå 50- og 60-talet har vorte litt gløymt, har dei norske designarane stått mykje friare til å sjå utover, forklarar Sunde.

Det ser likevel ut til at Noreg er i ferd med å finne fram designtradisjonane sine. Mellom anna har verka til Grete Prytz Kittelsen fått fornya popularitet dei siste åra.

Sunde meiner at objekt som duken Underfull har mykje å seie for interessa rundt norsk design, men ein viktig detalj må på plass for at nytt norsk design verkeleg skal blomstre:

– Det må kome i butikkane. No er det på tide at norske forbrukarar og produsentar kjenner si besøkelsestid, oppmodar Sunde.


Teppet Verdi er produsert i avgrensa opplag av Røros Tweed i anledning utstillinga. 

Jobb, ikkje levebrød
Framtida møter Kristine Bjaadal i designkollektivet hennar i Oslo, der ho nyleg flytta inn saman med fem andre designarar og ein fotograf.

Trass i at ho har vorte lovprist og nominert til Årets nykommar av Bo Bedres designpris, er ikkje jobben eit fullt levebrød heilt enno.

I 2013 hadde ho kunstnarstipend og ho håpar på å få det att til neste år.

– Eg visste ikkje kva eg gjekk til i det heile tatt. Samstundes er eg ikkje sikker på om at eg skulle ynskje at nokon hadde fortalt det til meg, for då kan det hende eg hadde valt annleis, seier 34-åringen, som stortrivst i jobben sin.

Den kanskje vanskelegaste og mindre morosame delen av jobben, å få produkta ut i produksjon og sal.

Bjaadal har valt å produsere ein del av tinga sine sjølv ved hjelp av handverkarar, for så å selje dei i galleri.

No sist har Røros Tweed produsert eit begrensa opplag av teppet Verdi til utstillinga.

– Eg vil heller lage dyre ting som nokre få ynskjer seg, sparer til og vert glad i, enn å lage noko som vert sendt til Fretex etter to år, seier Bjaadal, som meiner me har altfor mange ting.

Hadde me kjøpt ein brøkdel av tinga me kjøper i dag kunne dei kosta ti gonger så mykje, argumenterer ho.

Av miljøomsyn er det òg gunstig å kjøpe mindre.

LES OGSÅ: – Me kan ikkje leva på Ikeamøblar

 

Ikkje stort hus
I tillegg til å designe eigne ting reiser ho no rundt med Den kulturelle skulesekken og fortel om arbeidet sitt.

Ungane på mellomtrinnet lurer på om ho vert rik og berømt. Der må ho svara nei.

Eit godt råd kan ho gje vidare til dei som vurderer ein karriereveg innan design:

– Du bør tenke igjennom kor viktig det er for deg med ei stabil inntekt. Om du veit at du vil ha stort hus, bil og båt, anbefaler eg å gå ein annan veg, konkluderer Bjaadal, som sjølv framleis lever på eit studentbudsjett.

Ein får ikkje automatisk dyr designarbustad av å vere møbeldesignar, då må ein kanskje gjere det sjølv.

Skulejobben
Men sjølv om målet ikkje er at alle skal verte designarar, meiner Bjaadal at formgjeving har ein viktig plass i den norske skulen.

– Slik eg har forstått lærarar eg har snakka med er kunst og handverk på veg ut. Det er ein lærar på 25 elevar og då vert det ikkje sløyd, men heller teikning – igjen. Ein burde fått inn meir formgjeving i heile skuleløpet. Ein missar noko om det vert borte. Land som skårar høgt i skuletestar har ofte mykje undervisning i kunstfag. Kanskje må ein spikke for å kunne matte, funderer designaren.

Underfull – the tablecloth that turns spilling into poetry from Kristine Bjaadal on Vimeo.

Fakta

Kristine Bjaadal

Gjekk musikklina på vidaregåande

Har studert på Einar Granum kunstfagskule, Kunstskulen i Rogaland før ho tok bachelorgrad i interiørarkitektur og møbeldesign, og mastergrad i design på Kunsthøgskulen i Oslo.

Flytta nyleg inn i eit designkollektiv i Oslo med fem andre designarar og ein fotograf.