Aksjonerte for solidarisk familielandbruk.

mm

Fleire organisasjonar markerte torsdag FNs år for familielandbruk og verdas matvaredag med jordaksjon på Dæhlijordet i Vestby, som IKEA har søkt om å få byggja varehus på.

Om lag 60 personar møtte opp. Arrangørane var Noregs Bondelag, Norsk Bonde- og Småbrukarlag, Dei Jordlause si Rørsle frå Brasil, Latin-Amerikagruppene i Noreg, Natur og Ungdom, Naturvernforbundet, Noregs Bygdeungdomslag (NBU) og Spire.

– I solidaritet med jordlause og småbønder i Brasil må me styrkja snarare enn leggja ned det norske familielandbruket, seier Gaute Eiterjord, sentralstyremedlem i Natur og Ungdom.

43 prosent av maten me åt i 2012 var produsert i Noreg. Er kraftforet til dyra med i rekneskapet er den norske sjølvforsyningsgraden endå lågare. Ein betydeleg del av norsk kraftfôr består av soya. Ein stor del av denne soyaen er importert frå Brasil. Soyabruket i Brasil opptek store landområde. Jordvern er difor òg viktig for bønder og jordlause i Brasil. Nedlegging av korn- og beiteareal i Noreg bryt med Noreg si satsing på kamp mot fattigdom internasjonalt.

LES OGSÅ:Mindre matjord blir bygt ned

– Soya produsert av agrobusinessen i Brasil fører til overutnytting av naturressursane, øydelegging av miljøet, jordkonsentrasjon og sosial urettferd. Me støttar bønder verda over i kampen for matsuvereniteten sin, fortel Marieli Senhorati frå Dei Jordlause si Rørsle i Brasil.

Å dyrka mat på våre eigne ressursar er solidarisk, meiner Natur og Ungdom:

– Alle land har rett og plikt til å produsera mat for i størst grad å brødfø eigen folkesetnad. Kvart dekar matjord som blir bygt ned i Noreg må erstattast av eitt dekar matjord eit annan stad i verda. Å ta vare på det vesle (eventuelt dei 3 prosentane) me har av matjord er god solidaritet med den veksande folkesetnaden i verda, seier Gaute Eiterjord, sentralstyremedlem i Natur og Ungdom.

LES OGSÅ:– Bønder viktige i kriser og beredskap

– 16. oktober aksjonerer me på Dæhli-jorda for å visa at korkje me eller dei norske kyrne kan leva av ikeamøblar. Sunn og god mat for folkesetnaden i verda føreset eit styrkt familielandbruk i Brasil og i Noreg. Me ynskjer oss eit lokalt familielandbruk framfor internasjonalt industrilandbruk. Me krev lokal mat på lokale ressursar både i Noreg og Brasil, avsluttar han.

LES OGSÅ: Dei nye koloniherrane

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.56

LES OGSÅ

ANNONSE