– Er det dette som er å styrka frivillig sektor i Noreg? spurde stortingsrepresentant Knut Storberget (Ap) då landbruksminister Sylvi Listhaug (Frp) møtte til spørjetimen i Stortinget tysdag.

(NPK):
(NPK):
Faktaboks

Fakta om 4H

4H Norge er ein landsomfattande, ideell barne- og ungdomsorganisasjon som er livssynsnøytral og partipolitisk uavhengig.

4H Norge har rundt 17.000 medlemmer i alderen 10– 25 år, som er fordelte på 650 lokale klubbar rundt om i landet.

Dei fire H-ane som organisasjonen har namnet sitt frå, kjem fram i 4H-lovnaden: «Me lover å arbeida mot det målet å bli ein ungdom med klart hovud, varmt hjarte, flinke hender og god helse».

4H-rørsla starta først i USA i 1902, i byrjinga organisert av styresmaktene som jordbruksklubbar som skulle gi ungdommen interesse for landbruk.

4H kom til Noreg på 1920-talet, då dei første frivillige jordbruksklubbane dukka opp i Nord-Trøndelag. Utover på 1920- og 1930-talet vaks talet på klubbar, og i 1936 vart 4H formelt skipa, som Landslaget for Norske Jordbruksklubber. Først i 1956 endra organisasjonen namn til 4H. 

LES FAKTALUKK FAKTA

4H Norge er blant dei frivillige organisasjonane som opplevde kutt i budsjetta då statsbudsjettet vart lagt fram sist veke. Særleg er det landbruksminister Sylvi Listhaug (Frp) som har vore aktiv med sparekniven.

4H Norge mister 405.000 kroner i løyving frå neste år. I tillegg er den 60 år gamle avtalen om økonomisk og fagleg samarbeid føreslegen droppa frå 2016.

Det betyr at 4H også mister kontorplassane sine hjå fylkesmennene rundt om i landet, dersom regjeringspartia får gjennomslag for kutta dei har føreslege i budsjettet.

LES OGSÅ: Sanner kastar ut frivillige organisasjonar

Sanner: – Eg liker 4H
Dette engasjerte fleire av stortingsrepresentantane tysdag. Kutta i løyvingane til 4H var det første temaet i spørjetimen.

– Det å skapa verre arbeidsforhold, mellom anna for 4H, det er eit betydeleg skritt i motsett retning av det som kjem fram i regjeringsplattforma. Fleire av desse organisasjonane, 4H som nemnt, som gjer ein glitrande jobb etter mi meining, bidreg faktisk til rekrutteringa inn til landbruket, kommenterte Knut Storberget.

Landbruksminister Sylvi Listhaug svarte avvisande på dette. – Det å kutta litt over 400.000 kroner i støtta til 4H meiner eg ikkje vil verka negativt på rekrutteringa.

Trine Skei Grande (V) meinte kutta til regjeringa var sette i system: – Her bestemmer ein seg systematisk for å gå på dei ein ikkje liker, meinte ho. Kommunalminister Jan Tore Sanner (H) reagerte på karakteristikken.

– Eg må få ta avstand frå karakteristikken til Trine Skei Grande om at ein gjer dette mot organisasjonar ein ikkje liker. Eg liker 4H. Eg veit at dei gjer ein kjempejobb, sa Sanner, men la til at ein likevel måtte spørja seg om det var rettferdig at organisasjonen fekk gratis kontorplassar hjå fylkesmannen, når så mange andre organisasjonar ikkje får dette.

LES OGSÅ: Ein realistisk visjonær

Ope brev til kommunalministeren
4H skreiv etter at statsbudsjettet vart offentleggjort sist veke eit ope brev til kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner (H).

– Med eit pennestrøk stryk du ut eit årelangt fellesskap og samarbeid mellom landbruksavdelingane hjå fylkesmannen og 4H. Eit pennestrøk er enkelt å laga, men er det enkelt å retta opp att konsekvensane? spør leiar Kari Heggelund og generalsekretær Sølvi Egner-Kaupang i 4H Norge.

– 4H har jobba med rekruttering til norsk landbruk og opplæring innan entreprenørskap sidan 1936. Rekruttering av unge til landbruket over heile landet er viktig for regjeringa og statsråd Sylvi Listhaug, skriv dei vidare.

LES OGSÅ: Folk flest vil bu i ein liten by

Lokallaga: 4H skapar liv i bygdene
Frå Finnmark i nord til Jæren i sør er nyhendet om 4H-kuttet møtt med sjokk og vantru i lokallaga. – 4H skapar liv i bygdene, seier Anneli Kyrrø (15), som er leiar i Pasvik 4H, til Finnmarken.

Ho meiner organisasjonen er det beste verktøyet Noreg har for å rekruttera ungdom til landbruket, ein uttalt ambisjon for landbruksminister Sylvi Listhaug (Frp).

I Sjøsprøyt 4H på Orre på Jæren er ungdommen også uroleg. – Dette kan få dramatiske konsekvensar for 4H generelt, men òg for oss lokalt, seier leiar Thea Rimestad Orre til Jærbladet.

– Det er eit paradoks at regjeringa vil kutta i støtta til 4H for å finansiera skatteletter til dei aller rikaste i landet, seier Senterparti-politikar Alf Henning Heggheim til Strandbuen.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.56

Kommentarar

ANNONSE