LNK: – Regjeringa utraderer nynorsken

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Utraderer nynorsken

– Eg vil seia det så sterkt at dette er ei utradering av nynorsken, seier styreleiar i LNK, Solfrid Borge.

Sist veke vart det kjent at LNK ikkje er tilgodesett med ei einaste krone i framlegget til statsbudsjett for 2015. Til samanlikning får organisasjonen – der kvar fjerde kommune i Noreg er medlem – i år nesten 1,1 million kroner i statstilskot.

Nynorsk pressekontor tok kontakt med Kulturdepartementet og spurde kvifor støtta ikkje blir vidareført. I ein e-post svarar statssekretær Bjørgulv Vinje Borgundvaag dette:

«LNK er en ren interesseorganisasjon for de kommunene som har valgt å bruke nynorsk eller er språknøytrale. En sammenslutning av kommuner og fylkeskommuner bør selv kunne finansiere sin virksomhet. Dette er en ren prioriteringssak».

LES OGSÅ: – Åtak på nynorske barn og unge

– Fråskriv seg ansvar
Styreleiaren i LNK, som til dagleg er ordførar i Ullensvang herad, er både overraska og opprørt over svaret frå statssekretæren.

– Dette er altfor enkelt. Eg meiner dette er å fråskriva seg eit ansvar, og ei melding om at me får klara oss sjølve. LNK er langt meir enn ein medlems- og interesseorganisasjon. Me har eit samfunnsansvar. Når ikkje staten legg til rette for at me kan bruka begge målformer – som me har rett og krav på – må LNK gjera det, slår ho fast.

Ho peikar på at LNK driv eit omfattande språk- og kulturarbeid som omfattar alt frå opplæring i barnehagar til språkleg bevisstgjering blant tilsette i kommunane.

LNK har også ansvar for dei nynorske nettilboda Framtida.no, Magasinett og Pirion. Dersom statsstøtta blir borte, vil det særleg ramma desse tilboda for barn og unge. Det meiner styreleiaren vil vera særs uheldig.

– Satsing på ungdom er svært viktig når det gjeld begge målformer, og Framtida.no er den einaste nettavisa for ungdom på nynorsk, seier ho.

Ho meiner det er ei rett satsing av LNK å bruka av det statlege tilskotet til driva den nynorske nettavisa.

– Det er eit tiltak som kjem alle til gode.

LES OGSÅ: Eit forsvar for feilskriving

Skeptisk til auka medlemskontingent
– Korleis trur du betalingsviljen er blant kommunane til å auka medlemskontingenten til LNK?

– Å auka medlemskontingenten er alltid ei utfordring uansett kva organisasjon det gjeld, seier Borge. Ho vil ikkje spekulera i om organisasjonen kan koma til å missa medlemmer viss medlemskontingenten blir dyrare, men seier risikoen alltid vil vera der.

– Men ein kan også spørja seg om det er rett at kommunane skal betala for det dei har rett og krav på, seier Borge og held fram:

– Det er svært viktig at folk som ønskjer å bruka nynorsk får høve til å gjera det, like fullt som folk som brukar bokmål. Det har noko med identitet, bevaring av dialekt og kultur å gjera.

LES OGSÅ: Vil ha halve pensum på nynorsk

Fryktar mindre språkleg medvit
Viss ikkje organisasjonen får statsstøtta tilbake, fryktar ho kommunane kjem til å bli mindre språkleg medvitne.

– Eg er redd det då blir mykje meir lettvint å ikkje stilla krav om å få skjema, lærebøker og anna materiell på nynorsk. Det verkar på meg som om målet til den nye regjeringa er å utradera nynorsken. Det blir berre sett på som eit heft. Dei ser ikkje på rikdommen og kulturen knytt til nynorsk, men berre isolert på det som støtte til ein organisasjon kommunar og fylkeskommunar eig.

Ho meiner det no er viktig at staten kjenner besøkstida si og tek ansvar.

– Når me har to målformer og folk har rett og krav på å få både læremiddel og opplæring på desse, må staten ta dette ansvaret og ikkje berre stryka det med eit pennestrøk utan å kommentera det. Det er for lettvint.

LES OGSÅ: Oslo Unge Høgre slaktar nynorskforslag

Satsar på Venstre og KrF
Borge fortel at organisasjonen har fått mange støtteerklæringar etter at statsbudsjettet vart lagt fram. No håpar LNK at støttepartia til regjeringa,Venstre og KrF i lag med opposisjonen skal få statsstøtta inn att på budsjettet.

– Me set vår lit til det. Eg trur Venstre og KrF i lag med opposisjonen greier dette, seier Solfrid Borge. (©NPK)

LES OGSÅ: – Dialekten får ingen ta frå meg