Lektorar blir pressa til å sette kunstige karakterar


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
57 prosent av norske lektorar seier i den ferske medlemsundersøkinga at dei har følt eit press frå skuleleiinga om å gje elevar standpunktkarakterar. Det trass i at elevane har hatt så stort fråvær at lektorane eigentleg har meint at grunnlaget for å sette karakter ikkje har vore godt nok, skriv Dagsavisen.
– Vi står overfor eit veksande problem der skuleleiarar som konkurrer om best mogleg resultat for sin skule, meir eller mindre eksplisitt krev betre resultat, seier leiar Gro Elisabeth Paulsen i Norsk Lektorlag.
LES OGSÅ: Nynorskelevar får betre karakterar
Ein ukultur
Paulsen meiner det er i ferd med å vekse fram ein ukultur innan norsk skuleleiing.
– Eg meiner rektorar bevegar seg inn på ansvarsområdet til faglæraren og trakkar over ei grense. Då ser vi at fleire set standpunktkarakterar på tynt grunnlag for å pynte på resultatet, seier ho.
Paulsen forklarer presset med at det sidan 1990-talet har vore ein sterk auke i forventningane til karakterane blant skuleeigarane. Det igjen har lagt press på rektorane. (©NPK)
LES OGSÅ: Eit forsvar for feilskriving