mm

– Eg skal innrømme at det er litt skummelt, men mest av alt gler eg meg til å læra meir om NRK, og å få høyre korleis Thor Gjermund Eriksen tenkjer og jobbar, seier Trine Lysholm Hagan i ei pressemelding frå Ungt Entrepenørskap.

LES OGSÅ: Her er årets studentbedrift

Døropnar
27 av dei dyktigaste blant dei 12.000 elevane som driv ungdomsbedrift er valgt ut til å vere med ein av leiarane av nokre av Noregs største verksemder på jobb når Ungt entrepenørskap arrangerer «Leiar for ein dag».
 
Trine har ein draum om å satse på film, og har fått lov å følgje kringkastingssjef Thor Gjermund Eriksen gjennom ein heil arbeidsdag.  

– Dette vert ein skuledag heilt utanom det vanlege og ein dag som òg kan vere med på å opne moglegheiter for vidare satsing, trur Røros-jenta.

I tillegg til kringkastingssjefen i NRK har òg Oslo Børs, Siemens, Forbrukerrådet og WWF Norge valgt å opna dørene for unge leiarspirer, når Ungt Entreprenørskap og ManpowerGroup arrangerer «Leiar for ein dag» for tolvte gang.

LES OGSÅ: Livreddande refleksvott gav NM-gull

Toppros
Administrerande direktør i Ungt Entreprenørskap Norge, Anne Kathrine Slungård, rosar norske leiarar for innsatsen.

– Det er desse ungdommane som skal finne løysingar på samfunnets største utfordringar og bringe det norske samfunnet inn i framtida. Eg blir rett i ryggen og veldig glad når eg ser viljen blant norske toppleiarar til å stille opp for å gje dei oppmuntring og ballast på vegen, avsluttar Slungård.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.56
ANNONSE