Janne-Marit M. Falch
Janne-Marit M. Falch

Synnøve Rekkedal Hill snakkar om regjeringa sitt forslag om nedskjeringar i støtta til frivillig kulturarbeid i Noreg. Ho sit i landsstyret for Frilynt Norge, ein paraplyorganisasjon som driv innan mest alle former for kultur, frå teater til film, dans og anna ungdomsarbeid. Lokalt er ho mest kjent for å vere styreleiar for Ørsta og Volda Ballettskule. Den einaste foreldredrivne ikkje-profitt ballettskulen i fylket, med 450 elevar. Ein skule som kan tape mykje pengar på regjeringa sine kuttforslag.

– Det er lett å misse motivasjonen når det vert ein kamp å skaffe pengar til drifta. Og forsvinn dei som er villege til å bruke tida si på frivillig barne- og ungdomsarbeid. Då vert vi fattige. Då vert vi eit fattig land.

LES OGSÅ:Endra tollgrense skaper kluss

Avhengig

I framlegget til statsbudsjett foreslår regjeringa kutt i vaksenopplæringsmidlar, nedskjeringar i frifondet og inga endring i momskompensasjonen til frivillige lag og organisasjonar.

– For ballettskulen sin del vil dette utgjer rundt 75.-80.000 kroner i året. For dei fleste som driv sceneverksemd vil dette få konsekvensar.

Rekkedal Hill seier at elevkontingenten i kulturspekteret på langt nær dekkjer dei reelle kostnadene, og at dei er avhengig av støtte utanfrå.

Ballettskulen til dømes, får ikkje kommunal driftsstøtte. Elevkontingenten, sponsorstøtte, vaksenopplæringsmidlar og inntekta frå framsyningar i lag med gåver frå lag og organisasjonar sikrar skulen økonomisk.

– Det er vanskeleg å finne sponsorar i kulturlivet. Det er ikkje mogleg å profilere seg på same måte som i idretten. Difor er det også ein enorm forskjell i sponsormidlane, fortel Rekkedal Hill.

LES OGSÅ:Frivillig vitamininnsprøyting

Førebygging

Ho seier at ho er forbausa over at regjeringa ikkje ser verdien i frivillig kulturarbeid, og trekkjer også fram det førebyggjande aspektet.

– Det handlar om å engasjere dei unge. I kulturen er ingen utanfor. Alle har ei rolle, anten dei spelar i korps, syng i kor eller dansar på ei scene. Alle jobbar saman mot same mål. Det byggjer sjølvkjensla.

Rekkedal Hill meiner dette er erfaringar som dei unge vil ta med seg inn i arbeidslivet og som kjem godt med i framtida.

– Og om vi som driv med frivillig kulturarbeid kan førebyggje at dei unge trår feil i livet, så er også det sparte kroner for samfunnet.

LES OGSÅ:– Dramatisk for folkehøgskulane

Distriktsfiendtleg

– I det heile er dette ein distriktsfiendtleg politikk, hevdar ho, og seier at i distrikta står frivilligheita sterkt.

– Nesten all kultur er basert på frivillig arbeid. I distrikta har vi ikkje dei store kulturinstitusjonane å lene oss på. Vi vil ha eit rekrutteringsproblem i framtida om der ikkje ligg ein økonomisk garanti i botnen for det frivillige arbeidet.

Rekkedal Hill vil ikkje seie at regjeringa er kunnskapslause, men ho stiller spørsmål ved om dei har mista gangsynet i sin iver etter å få til skattelette.

– Og det eg ikkje kan fatte er at den same kulturministeren som vil kutte i støtta til dei frivillige, er den same som var villig til å bruke mange milliardar på å arrangere eit OL i Oslo.

Regjeringa har sagt at dei har ein framtidsvisjon om at frivilligheita skal verte meir uavhengig av staten.

– Men kvar skal pengane kome frå? Er det bedriftene som har fått skattelette som no skal finansiere kulturen?

Oppmoding

Synnøve Rekkedal Hill vil no sende brev til både kulturministeren, finansministeren, statsministeren og fleire andre som sit med makta. Ho oppmodar også lokale politikarar til å ta tak i saka og spele ballen vidare oppover i systemet i eigne parti.

– Alle som står på store scener har starta i det små. Flesteparten kjem frå frivillige barne- og ungdomsgrupper. Forsvinn amatørane, forsvinn også dei profesjonelle, åtvarar Rekkedal Hill.

Saka var først publisert i Møre-Nytt.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.56

Kommentarar

ANNONSE