Ein av tre ungdommar vel heller å bli heime enn å finne på ting med venner, viser ein ny rapport.

NPK-NTB
NPK-NTB

NOVA har kartlagt vanane til om lag 80.000 elevar ved ungdoms- og vidaregåande skular, og tendensen er klar: Mange ungdommar droppar organiserte fritidstilbod, dei trenar åleine, dei har mange skjermtimar og er både meir heime og meir åleine. Ein av tre er ikkje ute med venner, skriv VG.

LES OGSÅ: Mindre rus, meir stress

Usynleg møteplass
– Oppfatninga om at dei er slappe, late og ikkje finn på ting, kan komme av at dei møtest på ein arena der det ikkje synest så godt, seier NOVA-forskar Silje Hartberg.

Ho trur likevel ikkje at det nødvendigvis er dårlegare kvalitet på datasamvær enn på å møtast ansikt til ansikt.

LES OGSÅ: Stirer du på ein skjerm dagen lang?

– Urovekkjande
Professor i barne- og ungdomspsykologi, Willy-Tore Mørch, er likevel uroleg.

– Det er urovekkjande at den nye fritidsarenaen er inne framfor skjermen. Korleis ungdom faktisk bruker fritida si, har stor betyding for korleis dei ser på seg sjølve, seier han. (©NPK)

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.55

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE