Sparte streikemillionar forsvinn i kommune-sluket

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

På det meste var nær 8.000 lærarar i streik i haust. Dei 22 kommunane og 18 fylkeskommunane som vart tatt ut i streik, sparte om lag 240 millionar kroner på å sleppe å betale ut løn, arbeidsgjevaravgift, feriepengar og pensjonsinnskot i dei 59 arbeidsdagane streiken varte, viser utrekningar gjort av Utdanningsforbundet.

På toppen sparte arbeidsgjevarane rundt 420 millionar fordi utbetalinga av lønnstillegga til lærarane som vart forhandla fram i vår, var skuva på i fire månader på grunn av streiken.

LES OGSÅ: Slik påverkar Statsbudsjettet skulane

Ekstraundervisning
Under streiken kravde både lærarorganisasjonane og Elevorganisasjonen at streikepengane måtte komme elevane til gode. Også KS, interesseorganisasjonen til kommunane, meinte det ville vere klokt.

Det skjer likevel i liten grad eller ikkje i det heile tatt, viser ei kartlegging NTB har gjort.

Berre to av femten kommunar og fylkeskommunar NTB har vore i kontakt med vil bruke alle pengane på elevane og skulane.

Fleire kommunar oppgir at dei ikkje legg opp til å tilbakeføre noko av dei sparte streikepengane til skulane og elevane, mens rundt halvparten oppgir at dei berre vil bruke delar av dei sparte pengane på ekstraundervisning til elevar som vart ramma av streiken.

LES OGSÅ: Unge ser ned på yrkesfag

– Feilslått
Stavanger kommune var ein av dei kommunane som streika lengst og hadde flest lærarar ute i streik, og følgjeleg «sparte» mest.

Kommunen legg likevel ikkje opp til å gi pengar tilbake til dei skulane som vart ramma.

Formannskapet i Stavanger vedtok for ei dryg veke sidan at dei rundt 13 millionane som vart spart, skal blir brukt til «å dekkje opp underbudsjettering av lønnsreserven etter lærarstreiken i lønnsoppgjeret i år og for å dekkje auka pensjonskostnader», opplyser kommunen i ein e-post. Saka er enno ikkje behandla i bystyret.

Fylkesleiaren for Utdanningsforbundet i Rogaland, Gunn Reidun Tednes-Aaserød, er både skuffa og overraska.

– Det er ei svært feilslått prioritering. Dette er til sjuande og sist elevane sine pengar, det er dei som har mista tilbodet sitt, seier ho.

LES OGSÅ: – Lærlingar er ei investering for framtida

– Ein test
Elevorganisasjonen er også svært skuffa over prioriteringane kommunane gjer.

– Dette er pengar som i heilskap kunne gitt eit nødvendig løft til for eksempel pedagogisk utviklingsarbeid på kvar enkelt skule eller oppussing av skulebygg, seier Benjamin Skiaker Myrstad, leiar i Elevorganisasjonen.

– Eg ser dette som ein test på om kommunane faktisk har vilje til å ta det ansvaret dei har for å forvalte den offentlege fellesskulen. Om dei ikkje ein gong vil bruke pengane som allereie er sett av til skulen no, er det enda større grunn til å lure på om dei vil ta sin del av ansvaret for lærarløftet frå regjering, seier leiaren i Utdanningsforbundet, Ragnhild Lied.

LES OGSÅ: Skulen gjer lite for å hindra målbyte

– Hadde vore lurt
Også KS, kommunanes interesseorganisasjon, skulle gjerne ha sett at kommunane hadde valt å prioritere pengane til føremål i skulane.

– KS kan ikkje kommentere kva den enkelte kommune vel å gjere, men om vi ser på den spesielle situasjonen som har vore, og fordi kor mykje pengar som faktisk er spart er såpass kjent, så hadde det vore lurt av kommunane å disponere desse pengane til føremål i skulen, seier Helge Eide, interessepolitisk direktør i KS.

LES OGSÅ: – Lærarane bør gje meir ros