Endra tollgrense skaper kluss

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 MC-Deler AS på Vartdal er ei av verksemdene som vert råka dersom Stortinget vedtek å endre tollgrensa for netthandel.

– Dersom regjeringa får gjennomslag for å endre grensa for tollfri handel frå utlandet frå 200 til 500 kroner, er vi ei av verksemdene som kan verte spesielt haldt råka, stadfestar dagleg leiar Hans-Andre Sørvik.

Han viser til at MC-Deler forhandlar svært mange produkt som er i prisgruppa frå to hundre til fem hundre kroner.

LES OGSÅ: Fryktar rasering av landbruket med ostetoll

Ungdommar
– Og svært mange av våre kundar er ungdommar. Dei er flinke til å leite på nettet, kan å bruke kredittkortet på netthandel, og ser på pris, seier Sørvik.

MC-Deler AS er lokalisert på Vartdal og har spesialisert seg på netthandel av MC-produkt og relaterte varer.

– Vi er ei nisjeverksemd som har greidd å etablere oss i distriktet, og skapt arbeidsplassar. Kundane våre er også frå distrikta, for fysiske MC-forretningar er det langt mellom, og dei er lokalisert til større stader, fortel Sørvik.

Han er oppgjeven over forslaget regjeringa kom med i statsbudsjettet onsdag.

Paradoks
– Det er eit kjempeparadoks at vår eiga norske regjering vil gje utanlandske verksemder konkurransefortrinn, seier Sørvik.

Han er overtydd om at verksemda hans vil verte pressa dersom regjeringa får gjennomslag i Stortinget.

– Vi har ein stor del av produkta våre i den prisklassa det er snakk om. Vidare er vi ei lite bedrift i ein liten bransje i eit høgkostland, seier Sørvik, og viser altså også til at det er ungdom med kjennskap og kunnskap om å søkje nettbutikkar over heile verda som er kundegruppa.

Han peikar vidare på at MC-Deler forhandlar ofte små komponentar som kan sendast med brev. Då vert fraktutgiftene små.

– Det kostar ikkje så mykje å sende eit brev frå Kina til Noreg, seier Sørvik.

200 kroner
Tollgrensa på 200 kroner har vore der i mange år, og argumenta for å heve henne har mellom anna vore at ho må prisjusterast.

– Men då må politikarane hugse på kvifor denne grensa vart innført. Det var for å forenkle arbeidet til tollvesenet, slik at dei ikkje skulle bruke unødig med tid på små sendingar. No er Noreg det mest lukrative landet for internasjonal netthandel. I Danmark og Sverige må ein til dømes betale moms frå fyrste krone, seier Sørvik.

Han synest det er paradoksalt at regjeringa seier at statsbudsjettet skal styrke norsk næringsliv og sikre norske arbeidsplassar.

Utrygge
– Og så kjem eit slikt forslag som gjer fleire arbeidsplassar utrygge. Eg håper forhandlingspartnarane i Stortinget greier å endre på dette til Stortinget skal vedta budsjettet, seier Sørvik.

Han fortel at mange verksemder vegrar seg for å gå ut mot regjeringa i denne saka.

– Det vert argumentert med at dette vil kome forbrukarane til gode, og på kort sikt vil det jo gjere det med at fleire varer vert billegare å importere direkte frå utlandet. På sikt vil dette likevel gjere noko med arbeidsplassar og sørvistilbod. Det vil verke sentraliserande, for mange av nett- og nisjeforretningane i mindre folketette område vil merke dette fyrst, seier Sørvik.

– Likevel, vi skal nok greie oss. Vi må verte endå meir ekstreme på det vi gjer. Vi har vore ute i hardt ver tidlegare, seier Sørvik.

Saka var først publisert i Møre-Nytt.