Belgiske Stromae er ein av få artistar dei siste åra som har klart å slå igjennom i Noreg utan å synge på engelsk. Han er månadens artist.

Anna Kleiva
Anna Kleiva
Faktaboks

Paul Van Haver (fødd 1985)

• Fødd i Belgia, har flamsk mor og far frå Rwanda

•  Artistnamnet Stromae tyder «maestro» på det franske gatespråket verlan

• Starta gruppa Suspicion med kameraten J.E.D.I i 2003

• Platedebuterte i 2010 med albumet Cheese

LES FAKTALUKK FAKTA

Stromae kjem frå eit land med tre offisielle språk – og syng på fransk. Det er elles ikkje berre i Noreg han er blitt populær, men i store delar av Europa.

Paul Van Haver er det eigentlege namnet til artisten Stromae. Han vart fødd i Brussel i 1985, og vaks opp med mora og dei fire syskena sine. Den rwandiske faren var mykje borte då Paul var liten. Han var i Rwanda då folkemordet starta i 1994, og mista livet der.

Musikkinteressa til Paul viste seg tidleg. Då han var elleve, begynte han på musikkakademi i bydelen Jette. Her lærte han notelære, musikkhistorie og trommespel. I familien Van Haver vart det lytta mykje til salsa og kongolesisk rumba medan Paul vaks opp – det har påverka den musikken han lagar i dag.

LES OGSÅ: Lost in translation

Verlan
Ettersom han vart eldre, begynte Paul å interessere seg for hiphop. Han tok artistnamnet Opsmaestro i 2000, men då han fann ut at ein annan rappar hadde eit liknande namn, endra han namnet sitt til Stromae. Stromae er «maestro» uttalt på det franske gatespråket verlan. For å forme ord på verlan byter du om på dei to stavingane i ordet. Slik vart «maestro» til «stromae»; på norsk ville for eksempel «musikk» bli «sikkmu».

Stromae og kompisen J.E.D.I. starta gruppa Suspicion i 2003. Dei gav ut songen «Faut qu't'arretes le rap» («Du må slutte å rappe»), men kort tid etter slutta J.E.D.I. i gruppa. Stromae heldt fram åleine, og deltok mellom anna i hiphop-konkurransen «Juste debout» i 2007. Same år kom ep-en Juste un cerveau, un flow, un fond et un mic. Ved sida av å jobbe med musikken studerte han både lyd- og filmvitskap.

I 2009 arbeidde Stromae som praktikant hos radiokanalen NRJ i Brussel. Slik fekk NRJ-musikksjefen høyre «Alors on danse», og bestemte seg for å spele den på radio. Responsen var enorm. Songen gjekk raskt til topps på salslistene i Belgia – og året etter i Frankrike, Hellas, Danmark, Tyskland, Tyrkia osv.

Kjærleik og kjønn
I juni 2010 kom debutalbumet Cheese ut. Det særeigne musikalske uttrykket til Stromae er ei blanding av hiphop, elektronisk musikk og den franske chanson-tradisjonen. I tillegg er tekstene hans meir alvorlege og modige enn ein gjerne ventar seg av dansbar musikk; han skriv om sjølvframstilling, fortrenging, ein fråverande far.

Stromae mottok diverse prisar i 2010 og 2011, blant anna for årets hit. Andrealbumet, Racine Carrée («Kvadratrot»), kom i august 2013. Men allereie før sommaren vart «Papaoutai» ein stor hit, og videoen til «Formidable» skapte oppstyr på nettet. Videoen er liksom filma med skjult kamera, og viser artisten som ravar ulukkeleg rundt i regnet og syng om at han har kjærleikssorg. Ein annan video, «Tous les mêmes», viser Stromae kledd og sminka halvvegs som kvinne, halvvegs som mann.

I juni 2014 hadde Stromae den første tv-framføringa og konserten i USA, begge delar i New York. Han lanserte dessutan ein kleskolleksjon saman med stylist-kjærasten Coralie Barbier, under namnet Mosaert (ei ny omskriving av artistnamnet).

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.55

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE