Berre Australia og norsk-amerikanske Minnesota gjer det betre i OECD-samanlikning mellom regionar.

mm

Organisasjonen for økonomisk samarbeid og utvikling (OECD) har studert og rangert 362 område frå til saman 34 meir eller mindre rike medlemsland.

I undersøkinga har ein rangert tryggleik, helse, bustad, arbeidsløyse, tilgang til breiband, valdeltaking, jobb, utdanning, inntekt og miljø.

Samanlagt er det berre Australia som kjem betre ut enn Noreg på lista.

Av alle dei 362 regionane kjem Vestlandet på ein åttande plass med Trøndelag rett bak – Oslo og Akershus kjem på 12. plass, med Agder og Rogaland på 13. plass. Hedmark og Oppland kjem på 18. plass og Nord-Noreg på 24. plass.

Sjå kart over korleis livsvilkåra er ulike stader i verda!

Hovudstadsområdet i Australia toppar lista, med fleire australske territorium og den amerikanske staten Minnesota på plassane rett bak.

Vestlandet er best i verda på sysselsetjing og tryggleik og blant dei aller beste på miljø, tilgang på breiband og helse. Oslo, Akershus og Trøndelag får toppscore på tilgang på breiband.

Sjå korleis velstanden har auka sidan 1820!

LES OGSÅ: Er det difor danskane er lukkelegare?

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.55

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE