No er dei lei av sex-reklamar

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det er Sveriges Kvinnelobby som står bak kampanjen «Reklamera», der dei plukkar opp reklamar med eit sexistisk, og erstattar det med svarte plakatar med kvit tekst.

«Vad vore tunellbanan utan lite halvnakna kvinnekroppar?» er eit av døma.

LES OGSÅ: Jævla feministhore

Melder reklamen
Det er reklamar som utnyttar kropp og forsterkar kjønnsrollar, ofte utan spesiell sterk tilknyting til sjølve produktet, som er målet til kampanjen «Reklamera».

– Kollektivtrafikken har blitt eit galleri for sexistisk reklame. Overalt blir me møtt av reklame fylt med seksualiserte kvinnekroppar, skriv Sveriges Kvinnelobby på sine heimesider, og legg til at slike stereotypar er eit hinder for likestillinga.

LES OGSÅ: Pungar ut for lengre pappaperm

Tre kriterie
Ifølgje kampanjen er det tre kriterie for at ein reklame blir meld til Reklamombudsmannen.

– Reklame som framstiller kvinner eller menn som reine sexobjekt, og som kan verka støytande.

– Reklame som gir eit stereotypisk bilete av kjønnsroller, og som er nedverdigande.

– Reklame som på nokon anna nedsetjande måte er kjønnsdiskriminerande.

9 av 10 vil forandra kroppen
Kampanjen starta tysdag, og har allereie fått mykje merksemd.

Johanna Dahlin i Sveriges kvinnelobby sa på Radio Metropol at bakgrunnen for kampanjen låg i ei undersøking frå fjoråret, der 9 av 10 kvinner mellom 13 og 30 sa at reklamar hadde fått dei til å villa forandra kroppen sin.

– Det er ikkje holdbart, sa Dahlin i intervjuet.