Pungar ut for lengre pappaperm

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Artikkelen vart først publisert hos Sunnhordland.

Firmaet iDrift har innført ordninga «Fedrekvoten 10/14» som eit svar på regjeringa sin reduksjon av fedrekvoten som blei sett i verk 1. juli i år. Permisjonsvekene er redusert frå 14 til 10, noko selskapet meiner er eit steg i feil retning.

LES OGSÅ: Jævla feministhore

– Løna for å ta ut alle 14 veker
– Frå og med oktober i år innfører difor iDrift ordninga «Fedrekvoten 10/14». Den inneber at nybakte, iDrift-tilsette fedrar vert løna for å ta ut alle 14 veker som var øyremerkt dei før 1. juli, skriv dagleg leiar Stian Lauknes i ei pressemelding.

– Regjeringa har altså kutta fire veker frå fedrekvoten, og no ligg det også ute eit høyringsnotat for å auka moglegheita til å overføra fleire permisjonsveker frå far til mor, utan førehandsgodkjenning frå Nav, og kanskje heilt utan kontroll. iDrift trur dette vil auka presset på fedrar for å ta ut endå mindre permisjon, meiner Lauknes.

LES OGSÅ: – Tener mindre fordi dei er kvinner

Foreslår å redusera permisjonen
Han skriv vidare at både NHO og LO fryktar følgjene av at fedrekvoten forvitrar, og at NHO har uttalt at viss den generøse norske foreldrepermisjonen ikkje bidreg til auka likestilling i arbeidslivet, foreslår dei å redusera permisjonen frå 59 til 52 veker, og at pengane heller vert brukt på andre tiltak som kan bidra til auka grad av likestilling.

Gjennom ordninga «Fedrekvoten 10/14» vil iDrift betala sine mannlege tilsette for å ta fri meir enn dei ti øyremerkte vekene.

LES OGSÅ: FN: Filmbransjen diskriminerer kvinner

– Det handlar om likestilling i arbeidslivet
– Tilbodet iDrift gir sine nybakte fedrar er: éi veke permisjon med løn – betalt av iDrift – viss dei tek ut minst 13 veker ordinær pappapermisjon, seier Lauknes.

– Me går til dette steget fordi me meiner øyremerking av permisjonsveker for pappa er viktigare enn berre kroner og øre. Det handlar om likestilling i arbeidslivet, at også fedrar skal vera saman med sine nyfødde barn, og at mødrer skal komma raskare tilbake til arbeidslivet etter fødselen ved at omsorga for barnet i større grad vert delt, seier Lauknes.

LES OGSÅ: Den vanskelege jentetissen