Nobelprisen i litteratur gjekk i år til Patrick Modiano. Test kor mykje du kan om nobelprisen her!

Det vart nok eit år der Jon Fosse vart rekna som ein av favorittane til å vinna nobelprisen på førehand, berre for å bli forbigått av ein forfattar mindretalet her heime har høyrd om.

Det vart ikkje nokon nynorsk nobelpris i litteratur i år. Men her har du ei liste over vinnarane av Fridthiov Oos' legat – mellom anna ein av vinnarane av nobelprisen i medisin, Edvard Moser.

LES OGSÅ: Nordmenn vann nobelprisen i medisin

På Twitter reagerte folk flest på at dei ikkje har høyrt om vinnaren Patrick Modiano.

Patrick Modiano er rekna som ein av dei viktigaste samtidsforfattarane i Frankrike, og skriv om mellom anna den andre verdskrigen, ungdommar som rømmer heimefrå, frykt for framtida og den første kjærleiken, ifølgje Wikipedia. Ifølgje Aftenposten ga han ut ein roman så seint som i førre veke, med namnet «Pour que tu ne te perdes pas dans le quartier», omsett til «For at du ikkje skal gå deg vill i strøket».

Ifølgje VG er tre av bøkene til Modiano omsett til norsk. «Gater i mørke» (1979), «Ungdomstid» (1982) og «Søndagene i august» (1988). Ingen av desse bøkene er i sal lenger, men ifølgje VG har Cappelen Damm kasta seg rundt og sett i gang arbeidet med å få bøkene i sal igjen.

Om du ikkje kjenner Patrick Modiano så godt, kjenner du kanskje til tidlegare vinnarar av Nobelprisen i litteratur? Kva bok pleier ein til dømes å sei at Knut Hamsun fekk sin pris for?

Test deg sjølv – ta kvissen her!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.55
ANNONSE