I ei digital blindsone

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka vart først publisert i Vest-Telemark Blad.

Du får ikkje noko RiksTV-pakke om du bur i Skafså. Dab-radio er mest eit framandord, og mobilen den må justerast godt inn i glaskarmen mange stader for å få signal innandørs. For skuggane fell tunge over grenda i mest alle nettverk. 

LES OGSÅ: Elevforsøk vekkjer oppsikt

Utanfor allfarveg 
Skafså grendelag skipa difor til eit ope folkemøte torsdag i førre veke der VTB fekk vera til stades. Ekstra bord og stolar måtte fram og til slutt var kring 25 engasjerte skafsåingar på plass, så saken engasjerar. Styret i grendelaget hadde forfatta eit lesarinnlegg som teiknar opp frustrasjonen blant innbyggjarane i Skafså. Dei føler seg som eit B-lag, og at politikarane som skal taka vare på innbyggjaranes tilbod har gjort ein for dårleg jobb.
– Me føler oss utanfor allfarveg, innleia leiar i grendelaget Unn Breivik møtet.
For dei fleste digitale nyvinningar går glatt forbi Skafså. Det er veldig langt unna nokon 4G-dekning. Fleire opplever at det er vanskeleg å bruke mobiltelefonen innandørs i grenda.
– Ordet «mobiltelefon» får eit litt anna innhald når ein må køyre over til grendehuset for å få ringe, var kommentaren frå salen.
Nettverkskartet til Telenor og Netcom viser at dekningsgraden er på 2G, det vil seie at ein kan ringe, sende melding og eventuelt ein MMS, men datatrafikk er verre.

LES OGSÅ: Gamle mobilar gull verd

Tregt 
Grunde Seltveit har ansvaret for IT i Tokke kommune og understreka at kommunen har fokus på digital kommunikasjon og mobildekning. 
– Dette er mellom anna eit problem for tryggleiksalarmar. Når Telenor avviklar det analoge nettet skal signala frå desse over til mobilnettet, og er nettet dårleg kjem ein ikkje ut, sa Seltveit.
DAB-radio er også vanskeleg å få inn i Skafså. Då vil til dømes viktige meldingar over radio bli eit problem når ein slår av dei analoge radiosendarane.
– I ein beredskapssituasjon er det uheldig, sa Seltveit.
Det har blitt bygd ut breiband i store delar av Vest-Telemark dei seiste åra, men i Skafså har dei eit svært tregt system. Så tregt at det er vanskeleg å bruke internett. Og det er vanskeleg å vite kvar ein skal få hjelp og kven ein skal ta kontakt med for å få betre tilgang. 
Vidar Lie fortalde om epostar sendt til Vest-Telemark næringsutvikling, og formannskapet i Tokke med spørsmål om utbygging av breiband som aldri har fått svar. 
– Slik skal det ikkje vera, og det skal eg ta med vidare, sa varaordførar Kjell Magne Grave (Ap) som stilte på møtet som representant frå kommunen.

LES OGSÅ: 100 millionar brukar Opera

På same lag 
Det er Post- og teletilsynet som driv med tilsyn av dei som tilbyr tenester innanfor post- og teletenester, og dei avgjer kven det er som får tildelt midlar til utbygging. Og det er desse midlane som avgjer i stor grad kvar det blir bygd ut nettverk til både mobil og breiband.
Stadig fleire dokument og tilbakemeldingar til staten og forvaltninga skal sendast over nett. Då blir det vanskeleg å fylgje med utan skikkeleg nettverk og då må ei få støtte til utbygging, påpeika fleire på møtet.
– Eg skjønnar me har busett oss på feil stad. Spørs om me må gjera som Hellbillies og skrive ein song om mobildekninga. Då blei det bygd ut, utbraut Reidun Engedal.
– Me er på same banehalvdel her, og det er viktig at me står saman, sa Grave og oppmoda grendelaget om å samle seg i eit brev til både leverandørar og til kommunen.

LES OGSÅ: Neste år køyrer Tesla-bilane sjølv