Har du prøvd amme-appen?

Are Kalvø
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Har du prøvd amme-appen?

Artikkelen vart først publisert i Bømlo-Nytt

Etter 10 år i Bergen, kor informasjonsteknologi stod på studieplanen, flytta Tor Gjøsæter og kona heim til Bømlo og Innvær for snart to år sidan. Pliktskuldig sette dei i gong arbeidet med å signe verda med fleire bømlingar, til stor glede for foreldre, besteforeldre og ordføraren.

Men «driftige folk i vakker natur» stoppar ikkje opp rett etter målpassering må vite. For då den vesle familien var samla på føden og skulle mate den vesle verdsborgaren for første gong, oppdaga faren at her kunne ting bli gjort litt meir straumlinjeforma.

LES OGSÅ: Ny app for mobilavhengige

Amme-app
– Det var alt dette papirarbeidet me fekk på føden som fekk meg til å stoppe opp. På eit skjema skulle mødrene fylle ut når dei hadde amma, kva bryst, i det heile tatt mykje informasjon som skulle fyllast ut kvar gong. I tillegg til at det var mange spørsmål var det knapt med skriveplass på skjemaet, og eg tenkte difor at dette kunne ein gjera på ein enklare måte, fortel han.

Han innsåg at som folk flest har også unge mødrer mobilen liggjande i nærleiken.

– I staden for å måtte leite etter penn og papir kvar gong barnet skal få mat, kan dei no notere ned alt på mobilen. Samstundes får dei opp litt statistikk, seier Gjøsæter vidare.

Men verksemda hans Raudrev har valt eit enkelt grensesnitt for appen, med så lite «dill-dall» som mogeleg.

– Det blir fort til at ein skal ha med alle former for statistikk i slike appar, og då trur eg det kan bli for uoversiktleg for brukaren. Me har heller ikkje forstyrrande reklamar på appen, seier han vidare.

Han er medeigar i selskapet Bryggen Research som er utgjevar av appen.

LES OGSÅ: Søstrer med spennande app-idé

Nisjemarknad
Det er i dag registrert 1.700 brukarar av amme-appen, som er oversett til ei rekkje ulike språk. Sjølv meiner han appen for 28 kroner ligg litt høgt i pris, og trur enno fleire hadde tatt den i bruk om prisen var lågare.

– Det er noko me må vurdere framover. Men me ser at det kjem stadig fleire brukarar, også mange frå utlandet. 1.700 kjøparar er jo ikkje fantastisk, men slett ikkje verst i ein nisjemarknad som dette, seier han og legg til at tilbakemeldingane har berre vore positive.

– Ammetåke er eit veldig norsk ord, det er vel berre i Danmark ein har noko liknande kor ein kallar dette for amme-hjerne. Verken på engelsk eller tysk finn ein tilsvarande omgrep, fortel Gjøsæter.

LES OGSÅ: Nett og mobil gjer deg dårlegare på skulen

Over heile verda
Forutan på norsk, er appen å finne på engelsk, tysk, fransk, finsk, russisk, spansk og hindi, berre for å nemne nokre.

Så langt er det helst i Norge, Danmark og Tyskland at gravide med stor iver har trykka Gjøsæter sin app til sine bryst.

– Omsorgsteknologi er ein marknad i sterk vekst, og me vil heilt klart sjå meir bruk av web-baserte tenester i denne sektoren framover, trur han.

Selskapet hans er stadig i dialog mellom anna med Bømlo kommune for å vurdera andre område innan helse og omsorg kor applikasjonar som amme-appen kan komme til nytte.

LES OGSÅ: Gamle mobilar gull verd