Joachim Kroken Åsebø, Møre-Nytt
Joachim Kroken Åsebø, Møre-Nytt

Saka vart først publisert hos Møre-Nytt

– Det er frykteleg vondt, og du har femten timar der du har smerte heile tida, seier Haugland.

Saman med Martin Hauge Nilsen (Kondis IL) melde Haugland seg på det som er eit av Noregs tøffaste ultraløp. Løpet går gjennom heile Nordmarka frå nord til sør. Sett vekk frå 3–4 km på grusveg er resten av løpet i terrenget. Både Haugland og Hauge Nilsen deltok i den lengste distansen på 101 km

– Det som er spesielt er at du starta ved midnatt. Eg stod opp klokka sju om morgonen, fekk ikkje sove i løpet av dagen då eg var spent, og var kjempetrøtt då løpet starta. Hovudutfordringa var å orientere i mørket, og løypa var ikkje merka. GPS-en viste og at eg sprang over ein time feil. Eg og Martin sprang saman, og etter å ha vore i gang i rundt åtte timar gav vi eigentleg litt opp då vi trudde vi var sist, seier Haugland.

LES OGSÅ: Kim skal spela fotball med Valencia

Ein halvtime seinare var duoen tatt igjen av andre deltakarar som meinte dei låg langt framme i løypa.

– Dette gav motivasjon, og eg sette opp farta og tok att 5–6 andre deltakarar. På eit check-point fekk eg beskjed om at eg var nummer tre, og dette gav ny motivasjon. Då var att 6–7 timar av løpet. Eg sette opp farta og tok att han som var på 2. plass.

Haugland kom i mål etter 18 timar, og sikra seg 2.-plassen i løpet. Han meiner at tida kunne vore ein halvtime eller time betre om han hadde vore flinkare med matinntaket.

– I dette løpet er du sjølvforsynt, og du må ha med all mat og drikke frå start til mål. Eg har vore med på Hornindal rundt tidlegare og brukte litt over 13 timar, men det var ei heilt kjensle å springe fem timar til utan varm mat halvvegs.

LES OGSÅ: Treninga med livet

– Kva er motivasjonen for å delta i slike konkurransar?

– Eg ynskjer å sjå kor hardt eg klarer å presse meg sjølv, og gjer noko som ikkje så mange andre klarer eller i stand til å gjere.

Haugland har framleis smerter i kroppen etter løpet, og seier at det tek nokre veker før han gløymer kor vondt han hadde det. Likevel så utelukkar han ikkje at lysta til å delta igjen kan kome tilbake.

LES OGSÅ: Utruleg video frå vulkanutbrot

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.55

LES OGSÅ

ANNONSE