Kim skal spela fotball med Valencia

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg har lyst å bli proff, så dette er det næraste eg kjem til å realisera den draumen på noverande tidspunkt, seier Kim Salazar Sævdal.

LES OGSÅ: Status quo på Radøy

Han har spelt fotball sidan han var fire år gamal, og fylte nettopp 17. Neste veke dreg han til Spania. Her ventar palmesus og eit hav av moglegheiter. Sævdal håpar sjølv å bli tatt opp i stallen til det spanske storlaget Valencia etter kvart. På San José-akademiet skal han spela 1. divisjonsfotball og trena to gonger kvar dag.

– Eg har ingen backup-plan dersom fotballkarrieren ikkje går i boks. Det måtte i så fall verta ein annan idrett, seier han.

LES OGSÅ: Spreke born, smarte born

Betre spelestil
Sæbø beskriv seg sjølv som ein fotballspelar med mykje tempo, ein god høgrefot, god teknikk og eit klokt fotballhovud.

– Det betyr at eg klarer å lesa spelet og andre spelarar bra, seier han til Nh.

Han trivst best på midtbana, men har spelt både forsvar og spiss tidlegare. For nokre år sidan var han ein vesentleg del av det solide 97-laget til NBK, som mellom anna vart nummer tre i landsdekkjande Adidas Cup. Den gong spelte han spiss, men no er det altså som midtbanespelar han satsar.

– På midtbana får ein spela meir ball, og har litt større handlingsrom, seier han.

LES OGSÅ: Valde vekk 1.divisjon for sommarjobb i NBK

Det kan vera bra med allsidigheit, for spanjolane har ein heilt annan spelestil enn kva gutane som skal bortover er vande med.

– Dei har mykje meir bevegelse rundt ballførar, og spelar mykje hurtigare, seier Sævdal.

Det passar godt til hans eige midtbanetemperament.

– Typisk norsk fotball er treig, med lange pasningar og mykje sjansespel. Det er kjedeleg, gliser han.

LES OGSÅ: – Spikaren i kista for Oslo-OL

Tre kameratar frå Norge
Bakgrunnen for at Spania-draumen no vert verkeleg er pappa Kjell Ove Sævdal sin gode kontakt med ”Soccer Academy of Spain”. Leiaren for akademiet har tidlegare spelt for Levante og Valencia, og Sævdal senior var ikkje verre på det enn at han tipsa om tre spelarar frå Nordhordland han meinte burde få prøva seg på akademiet.

– Eg fortalde litt om korleis eg vurderte spelarane sine styrkar og svakheiter, og ikkje lenge etter fekk eg tilbakemelding om at Valencia ville ha alle dei tre ned på akademiet sitt i eit år, seier han til Nh.

LES OGSÅ: Hat trick-helten Vågenes

Utanom Kim Salazar Sævdal er det Martin Thorstensen og Elvir Muratovic som reiser nedover komande torsdag.

– Dei skal då spela for akademiet til Valencia, på U19-laget, og vil få moglegheit til å spela mot Barcelona, Real Madrid dei andre storheitene frå Spania. I tillegg skal dei vera med på futsallaget til Valencia på seniornivå, seier Sævdal senior

Ein gong i veka skal gutane trena med eit seniorlag som er omtrent på Adeccoliganivå. I løpet av året ventar også eit treningsopphald på akademiet til Levante, Villarreal og Almeria.

– Gutane kjem til å ha morgontrening og ettermiddagstrening kvar dag frå mandag til fredag, og så spela kamp i helgene. Martin og Elvir skal gå på spansk vidaregåande skule, medan Kim skal ta vidaregåande gjennom Akademiet i Bergen sine nettstudium, seier han til Nh.

LES OGSÅ: Ingrid fra Austrheim (25) håper på Stadion-debut

I løpet av året vil dei tre gutane også få moglegheit til å helsa på verdsstjerner som Ronaldo, Messi og sjølvsagt også A-lagsspelarane til Valencia.

LES OGSÅ: Gutar taklar mobbing med idrett

Historisk
For Sævdal junior var det ikkje nokon tvil om at han skulle til Spania då moglegheita baud seg.

– Eg hadde slite eit leddband i ankelen akkurat då, og fekk ikkje spela. Men vi fekk jo sett på skulen og helsa på dei vi skal bu hjå, seier Kim.

– Kva skal til for å lykkast som profesjonell fotballspelar?

– Ein må sjølvsagt vera godt trena, spela bra og kjenna dei rette folka, seier Sævdal junior.

Det er fyrste gong i historia at akademiet har teke inn norske spelarar.

LES OGSÅ: – Spelarane kan smila heile vegen heim i dag