Dronen filma så nær den eldsprutande vulkanen Bárðarbunga at kameraet byrja å smelta.

mm

Eric Cheng, sjef for flyfoto hjå droneprodusenten DJI, slo seg saman med fotografen Ragnar Th. Sigurdsson for å filma utbrotet i vulkanen Bárðarbunga på Island 20. september.

Etter å ha køyrt så nær vulkanen som dei fekk lova til, kring to kilometer frå utbrotet, tok dei fram dronen og byrja å fly. Ved hjelp av trådlaus videooverføringssystem fekk dei følgja ferda medan dronen tok seg rett over vulkanen.

I ein video om dronefilminga fortel Eric Cheng at dronen kom så nær vulkanen på den siste turen sin at framsida av kameraet byrja å smelta og slutta å fungera skikkeleg. Heldigvis var minnekortet på kameraet framleis intakt.

Dei utrulege bilda kan du sjå under!


LES OGSÅ: Heile byen blei lagt under oske

Største på over 40 år

I midten av august blei tusenvis av jordskjelv registrert på Island. Eit par veker seinare, 29. august, sprakk jorda opp i ei kilometerlang sone kalla Holuhraun. Lavaen spruta og rann utover terrenget.

Få dagar seinare vakna vulkanen Bárðarbunga til live. Han ligg under isbreen Vatnajökull like i nærleiken av Holuhraun. Rett over vulkanen sokk isbreen saman i ein ring. I midten av september var gropa blitt åtte kilometer brei og 25 meter djup og ei dampsky stod ut av kratret.

– Omfanget til sprekkeutbrotet frå Holuhraun er betydeleg. I løpet av dei første to vekene hadde utbrotet allereie klart å bli det største på over førti år, med meir enn 0,2 kubikkilometer lava. Utbrotet frå Eyjafjellvulkanen i 2010 starta òg som eit sprekkeutbrot før aktiviteten flytta seg til sjølve vulkankrateret. Viss det same skjer ved Bárðarbunga, kan utbrotet verte eksplosivt og fragmentere lavaen til oske, skriv forskaren Henrik H. Svensen ved Universitetet i Oslo i Morgenbladet fredag.

QUIZ: Kva veit du om Island?

Sjå Eric Chen fortelja om droneturen over Bárðarbunga under:

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.55

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE