Høyr rikets tilstand på nynorsk

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 Det er rett nok tradisjon at den yngste statsråden leser dokumentet «Om rikets tilstand» på nynorsk, og dimed ikkje nokon stor sensasjon. Men det er likevel flott å høyra kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen stå der, i over ti minutt, og lesa om tilstanden til landet vårt på nynorsk.

Du kan sjå talen til Røe Isaksen – og i same vending faktisk få ei oppdatering om kva rikets tilstand faktisk er – hos NRK.

Ei utfordring
– Det er jo tradisjon at yngste person i regjeringa leser opp rikets tilstand, og det er meg. Sidan trontalen er på bokmål så er denne på nynorsk, så det er kjend for å vera ei utfordring for ein del frå bokmålsområda i alle fall, sa kunnskapsministeren spøkefullt i eit intervju med NRK etter seremonien.

Reaksjonane kom og, mellom anna på Twitter.

 

Før talen skulle haldast, fekk og Røe Isaksen lukkeønskjer frå forgjengaren sin – i fjor var det Hadia Tajik (Ap) som las «Om rikets tilstand»