Det er rett nok tradisjon at den yngste statsråden leser dokumentet «Om rikets tilstand» på nynorsk, og dimed ikkje nokon stor sensasjon. Men det er likevel flott å høyra kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen stå der, i over ti minutt, og lesa om tilstanden til landet vårt på nynorsk.
Ei utfordring
– Det er jo tradisjon at yngste person i regjeringa leser opp rikets tilstand, og det er meg. Sidan trontalen er på bokmål så er denne på nynorsk, så det er kjend for å vera ei utfordring for ein del frå bokmålsområda i alle fall, sa kunnskapsministeren spøkefullt i eit intervju med NRK etter seremonien.
Reaksjonane kom og, mellom anna på Twitter.
Melding om rikets tilstand. På nynorsk. Som alltid. Vakkert! @konservativ burde lese på nynorsk oftare! #nynorsk #Stortinget
— Hanne Blåfjelldal (@Blaafjelldal) October 2, 2014
@konservativ leverte varene i Stortinget. Han bør tale oftare på nynorsk!
— Sveinung Rotevatn (@Rotevatn) October 2, 2014
Før talen skulle haldast, fekk og Røe Isaksen lukkeønskjer frå forgjengaren sin – i fjor var det Hadia Tajik (Ap) som las «Om rikets tilstand»
Lukke til med nynorsken i dag, @konservativ 🙂 #Noregstilstand #Stortinget
— Hadia Tajik (@HadiaTajik) October 2, 2014