Vil sjå på gratis buss og tog

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen (Frp) lét seg inspirera av det intelligente transportsystemet i Singapore, ifølgje Teknisk Ukeblad.

I Singapore innførte styresmaktene gratis metro før klokka 07.45 om morgonen. Bompengeavgifta og taxiprisane varier òg etter klokka. Det har ført til ei spreiing av dei reisande over eit lengre tidsrom.

– Kapasiteten dei andre 20 timane i døgnet er gjerne ikkje eit problem. Klarer me å dra ut same trafikkmengde over lengre tid, tar me vekk ein del av korkane, seier Solvik-Olsen til TU.no. Han føreslår mellom anna å gjera det gratis for godstransporten å køyra gjennom bompengeringen om natta.

LES OGSÅ: – Bilen må ta rattet frå menneska

I Singapore har styresmaktene òg gjort arbeidsdagen meir fleksibel, noko som òg er med på å spreia dei reisande utover dagen.

– Kvifor skal alle byrja arbeidsdagen sin mellom åtte og ni. Kvifor kan ikkje dei byrja ein plass mellom klokka seks og klokka ti? spør samferdselsministeren.

Kva synest du om ideen? Burde kollektivtransport vera gratis enkelte tider på døgnet?