Talet på villdyr fell kraftig

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Så mange færre ville dyr er det

Organisasjonen har undersøkt tilstanden til over 3.000 artar over heile kloden, og talet på individ ser ut til å ha falle med 52 prosent sidan byrjinga av 1970-talet.

Organisasjonen trur situasjonen er like vanskeleg for dei fleste av virveldyr-artane dei ikkje har undersøkt direkte.

Stadig fleire menneske
Artane som lever i ferskvatn, ser ut til å vere ekstra ille ute. Desse populasjonane er reduserte med 76 prosent, går det fram av WWFs Living Planet Report.

Mens rekkene har vorte vesentleg tynnare hos dei fleste dyreartane, har utviklinga vore stikk motsett for éin viktig art: Homo sapiens. Talet på menneske på jorda er nesten dobla dei siste 40 åra.

– Framtida i fare
WWF seier forbruket av naturressursar og utsleppa av forureinande stoff og klimagassar så høgt at vi hadde trengt ein halv jordklode til for å kunne halde fram som i dag over lengre tid.

– Ved å ta meir frå økosystema og dei naturlege prosessane enn det som kan erstattast, set vi vår eiga framtid i fare, skriv WWF-leiar Marco Lambertini i føreordet til rapporten.

Reduksjonen i talet på pattedyr, fuglar, fisk, reptil og amfibium er større enn tidlegare WWF-undersøkingar har tyda på. (©NPK)