Søkjartala til framandspråk-studia går nedover. No etterlyser språkfolket ei nasjonal satsing.

NPK
NPK

Frå 2005 til i år har talet på søkjarar til eit språkstudium ved Universitetet i Bergen (UiB) gått ned med 28 prosent. Ved NTNU gjekk søkjartala til språkfag ned med 7 prosent berre frå i fjor til i år. Det skriv På Høyden.

På Humanistisk fakultet (HF) ved UiB ser dei på situasjonen med uro.

– Det er eit nasjonalt problem at språkfaga rekrutterer dårleg, særleg europeiske språk som fransk og tysk. Det at så få vil studera tysk når ein tenkjer på at Tyskland er ein av Noregs største handelspartnarar er alvorleg, seier dekan på HF Margareth Hagen til avisa.

Seniorkonsulent ved Institutt for framandspråk Hilde Elin Haaland-Kramer ynskjer seg ei nasjonalt satsing på språkfaga, etter mal frå realfagssatsinga som har pågått dei siste åra.

– Me skulle gjerne hatt ei slik nasjonal satsing på språkfaga. Det ser jo ut til å ha hatt ein effekt på realfaga, og det er noko me gjerne skulle sett på språkfaga òg, seier ho til På Høyden. (©NPK)

LES OGSÅ: – Können Sie schon was sagen?

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.55

LES OGSÅ

ANNONSE