Vil sjå lesande menn

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Me må endre måten me snakkar om gutar og lesing på. Me snakkar om dei som ikkje-lesarar, framfor lesarar, seier Ole Ivar Burås Storø i Foreningen !les.

Han er mellom anna prosjektleiar for «Hat trick – litteratur, formidling og fotball», som er eit samarbeid mellom Foreningen !les, biblioteksektoren og Norges fotballforbund.

Der står både mannlege og kvinnelege toppspelarar fram som lesarar.

LES OGSÅ: Fotballspelarar ut av skapet

Jenter som leser
I det daglege meiner Burås Storø at gutar møter for få mannlege leseførebilete, som er ein viktig faktor for å vekkje leselysta.

Dei to andre faktorane som må vere på plass for å få leseglede er; god litteratur – både samtids og klassikarar, samt at nokon formidlar litteraturen slik at ein finn fram til dei gode leseopplevingane.

–Dei mannlege førebileta finst, men dei er ikkje like synlege. Jenter har venninner, søstrer og mødrer som les, i tillegg til kvinnelege lærarar og bibliotekarar. Jenter vert nok òg oftare teke med i bokhandelen med mor, trur Burås Storø, som meiner me bør passe oss slik at ikkje fordommane om at gutar ikkje les vert ein sjølvoppfyllande profeti.

LES OGSÅ:Gjev ut mest bøker for jenter

Gutar les fagbøker
For det er ein del misoppfattingar om gutar og lesing. Ta setninga: «Gutar les meir faktabøker enn jenter.»Setninga er sann, men ei anna sanning er at både kvinner og menn, gutar og jenter, les meir skjønnlitteratur enn sakprosa. Men gutar og menn les litt meir sakprosa enn kvinner, noko som har vorte til «sanninga» om at gutar les faktabøker og jenter les skjønnlitteratur.

Burås Storø er ikkje av dei som er mest pessimistiske når det kjem til norske ungdommars leselyst.

Ifølgje PISA-undersøkingar les halvparten av gutar på 15 år frivillig kvar dag, medan kring 70 prosent av jentene gjer det same.

–Det betyr ikkje at halvparten av gutane ikkje les, understrekar Burås Storø.

Han meiner at mantraet om at gutar ikkje les, har fort for å gjenta seg i vaksen alder. Slik at ein høyrer at menn ikkje les.

–Me må endre stereotypien av kva ein lesar er. Me må bort frå at det er ei nerdete jentegreie, for det er det ikkje lenger, understrekar han.

LES OGSÅ: Skriv for dei som ikkje vil lese

Far les ikkje høgt
I ei engelsk studie frå 2009 spurte forskarar over 2000 15-åringar kven som kunne inspirere dei til å lese. Både jentene og gutane svara at personar i familien var den viktigaste leseinspirasjonen. Deretter følgde vener og lærarar. Gutar såg i større grad enn jenter opp til kjente personar som les.

Ei anna engelsk studie syner at engelske fedre les stadig mindre for borna sine, fordi dei ikkje hadde tid og overskot.

Burås Storø trur at dette kan vere tilfellet i Noreg òg, sjølv om England i større grad har klasseforskjellar som speler inn.

LES OGSÅ:Kvinner føretrekk døtre

Få menn i instutisjonane
Burås Storø meiner at institusjonar som skular og bibliotek ikkje i stor nok grad klarar å bøte på dei manglande mannlege leseførebileta elles i samfunnet.

På Lesesenteret ved Universitetet i Stavanger har dei spisskompetanse på lesing. Dei har òg landets første lesegledarar ei lita stund til.

Lesegledarane består av 27 lærarar, som har teke ei vidareutdanning, samtlege av desse er kvinner.