Fotballspelarar ut av skapet

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Barn og unge treng gode lesande forbilde. Gjennom prosjektet «Hat trick – litteratur, formidling og fotball» synliggjør Foreningen !les lett engasjerte lesarar frå toppfotballen. Spelarar på A-landslaga har signert eit opprop som tydeliggjer haldningane deira til lesing, og gjennom korte filmsnutter snakkar fleire spelarar frå Tippeligaen og Toppserien om tilhøvet sitt til lesing og litteratur.

– Desse toppspelarane ser ein tydeleg samanheng mellom det å lesa og det å spela fotball. Det eine utelukkar ikkje det andre. Tvert imot utfyller dei kvarandre på ein inspirerande måte. Samstundes framstår spelarane som gode lesande rollemodellar og flotte representantar for klubbane sine og norsk fotball, seier prosjektleiar i Foreningen !les, Ole I.B. Storø i ei pressemelding.

Spelarar frå Lillestrøm, Vålerenga, Sogndal, Start, Aalesund, Brann, Røa og Stabæk deltek i prosjektet.

– Eg ser berre positive ting med det å lese, seier Vålerenga-spelar Kristofer Hæstad.

– Interessa for bøker har for delen min alltid vore der. Eg likar det og det er ein fin måte å få tankane vekk frå fotballen på, seier Peter Orry Larsen i Aalesund *FK.

Fleire land løftar fram lesande spelarar frå fotballmiljøet. I England stiller til dømes alle Premiar League-lag med lesande forbilde gjennom prosjektet «Premiar League Reading Stars».

Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) meiner det er viktig å løfte fram lesande forbilde frå ulike miljø. I samband med ein rapport frå Norsk institutt for forsking om oppvekst, velferd og aldring (NOVA) om kjønnsprestasjonar på internasjonale og nasjonale prøver, uttalte statsråden i april følgjande til NTB:

– Vi må få betre fram at mange menn i Noreg, ikkje berre akademikarar, likar å lese, anten det er bøker eller aviser. Eg har meir tru på det enn å til dømes berre skulle gje bilbøker til gutane.

Her finn du tips til bøker du kan lesa!