Fekk hjelp til å skjerma borna

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka vart først publisert hos Sunnhordland

– Det er veldig lett å trø skeivt. Når konfliktane kjem fram, og det blir oppheita situasjonar, blir ein litt heit i hovudet. Då er det lett å gløyma at det står ein unge og høyrer på, seier «Mona». 

Stord-kvinna som Sunnhordland møter ved Vikastemmo er ei av mange som har vore gjennom eit samlivsbrot «med komplikasjonar». Ho veit godt kor lett det er å oversjå dei minste i familien når det kokar mellom mor og far.

– Det er lett å bli blinda av sin eigen situasjon, og vanskeleg å sjå utover sin eigen nasetupp. Då kan det vera godt å treffa andre som er i same situasjon, og høyra korleis dei løyser problema sine, seier ho.

LES OGSÅ: Set Jesus framføre familien

Fekk hjelp
Då familievernkontoret arrangerte kurs for foreldre som hadde gått frå kvarandre i fjor, nytta ho sjansen til å dela erfaringar med andre i same situasjon. Der fann ho god hjelp i den vanskelege tida.

– Eg fekk hjelp til å tenkja over korleis me kan skåna ungane frå konfliktane våre, og tenkja over kven som er til stades når me diskuterer desse tinga, seier ho.

Ho opplevde det også positivt å kjenna eit slags fellesskap med andre som var i same situasjon.

LES OGSÅ: Sydenfyll rammar borna

Liv Slettemark gjev råd til foreldre som har gått frå kvarandre. Arkivfoto: PER EGIL LARSEN

– Mange som slit
– Målet er å få til eit best mogleg foreldresamarbeid etter eit brot, seier familieterapeut Liv Slettemark ved familievernkontoret på Stord.

Saman med Synnøve Rydland Overweg, som også er familieterapeut, står ho bak kurset for foreldre som har gått frå kvarandre, som startar opp igjen no i oktober. Ho fortel at mange slit med å samarbeida etter eit samlivsbrot.

– Sjølvsagt er det mange som klarar seg godt, men det er også mange som slit med denne overgangen. Det er det viktig å gjera noko med, fordi all forsking viser at varige konfliktar mellom foreldra er svært skadeleg for barna. Når foreldra kranglar, kan barna lett få vondt i magen, slita med psykiske vanskar og mista konsentrasjonen, seier Slettemark.

LES OGSÅ: Dystre utsikter for velferdsstaten

Ein om gongen

Kurset er lagt opp med diskusjonar, innlegg og høve til å dela erfaringar med andre. Slettemark fortel at det både er lov til å spørja mykje og å vera mindre aktiv, om ein ønskjer det.

– Me legg opp til at det er ein i foreldreparet som møter på dette kurset. Dersom det er par der begge ønskjer å komma, kan dei gå på kvart sitt kurs. Me har valt å gjera det slik fordi ein del par har konfliktar, og det vil vera uheldig om konfliktane utspelar seg i kurssamanhengen, seier Slettemark.

Faktaboks

Her er Barneombodet sine råd til foreldre som går frå kvarandre:

• Pass på at barna har naudsynte klede og utstyr i begge heimane.
• Bu nær kvarandre.
• La barna komma til orde, sjølv om foreldra bestemmer til slutt.
• Ikkje flytt barna vekk frå nærmiljøet sitt.
• Fortel barna om brotet saman.
• Ha felles reglar i begge heimane.
• Ikkje krangla når barna er til stades.
• Ikkje konkurrer om kven som er best forelder.