Regjeringa skjerpar opptakskrava til lærar- og lektorutdanningane. Frå 2016 må søkjarane minst ha karakteren 4 i matematikk for å komme inn, skriv VG.

NPK-NTB
NPK-NTB

Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) trur ikkje det blir rekrutteringskrise i lærarutdanninga om nålauget blir litt trongare.

LES OGSÅ: Treng 60.000 lærarar i 2030

Aktuelt med norsk og engelsk
– Det kan nok bli ein del færre kvalifiserte søkjarar på kort sikt. Men samtidig kjem det til å auke prestisjen både for lærarutdanninga og læraryrket, seier Røe Isaksen til VG.

Seinare kan det blir aktuelt å heve krava i norsk og engelsk òg til 4. I dag er det nok å ha ein trear i desse fag.

To av tre av studentane som i fjor vart tatt opp ved lærarutdanningane hadde ikkje komme inn om kravet hadde vore 4 i både i norsk, engelsk og matte. Rundt 30 prosent av dei som kom inn på grunnskulelærarutdanninga i år, hadde lågare karakter enn 4 i matte, viser tala til departementet.

Dei søkjarane som ikkje har 4 eller betre i matematikk frå vidaregåande må gjennom eit forkurs.

– Vi innfører eit eige forkurs med eksamen etter modell frå ingeniørutdanninga, seier Røe Isaksen. (©NPK)

LES OGSÅ:– Me har eit realfagsproblem

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.55

LES OGSÅ

ANNONSE