Eit mekkemekka for ungdom

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Heilt nytt, og ganske unikt, seier kulturskulerektor i Vinje, Anders Blystad, stolt om motorskulen, det nye tilbodet som kulturskulen starta i haust.

Så langt han kjenner til er dei fyrst i Noreg med denne typen undervisning under paraplyen til kulturskulen.

Motorskulen blei ein realitet etter eit politisk ynskje om å fange opp ungdom mellom 12 og 18 år som ikkje driv med idrett, musikk eller andre tradisjonelle kulturskuleaktivitetar. Politikarane vedtok å løyve 400.000 kroner på budsjettet i fjor, og 1. september i år var tilbodet i gang.

Fleire vil ha motorskule
Interessa for motorskulen var stor, og i haust starta ni ungdommar frå Edland og Haukeli.

– Etter at tilbodet blei starta har me vore i kontakt med foreldre frå både Åmot og Rauland som gjerne vil ha dette tilbodet der også. Det er lokale både i Åmot og Rauland som ein kunne nytta, men det er sjølvsagt eit økonomisk spørsmål før ein kan realisere dette, seier Blystad.

To grupper
Då Blystad høyrde om politikarane si satsing ville han gjerne ha tilbodet i kulturskulen. Kommunen lyste etter nokon som kunne vere lærar for motorskulen, og Bjerkhaug fekk jobben.

Bjerkhaug, som kjem frå Drangedal, har jobba som bilmekanikar i mange år, men er nå i gang med tredjeåret av maskinteknikk på ingeniørstudiet. Han rosar politikarane som satsar på ungdom og motor.

– Eg må nytte høvet til å skryte av Vinje kommune som satsar på dette og har gjeve meg fullmakt til å byggje tilbodet slik eg ynskjer, seier Bjerkhaug.

Han meiner tilbodet som er starta i Vinje er genialt for ungdom som ynskjer å gå vidare denne yrkesvegen.

– Dei vil ha eit godt utgangspunkt, og dei er ein veldig flott gjeng, smiler læraren.

Elevane er delt i to grupper. Måndag er dei eldste ungdommane samla til fire timar på motorklubben, medan onsdag kjem elevane som går på mellomtrinnet i tre timar.

Teori fyrst
Før mekkinga tar til, tar læraren med ungdommane opp i andre høgda av Hauk motorklubb for litt teoriundervisning.

– Sjå her på nokre teikningar, seier Bjerkhaug og elevane samlar seg rundt læraren.

Han fortel at motorskulen startar med ein teoridel kvar veke.

– Neste gong me møtest skal me sjå nærare på ulikt verktøy, fortel Bjerkhaug elevane.

Han seier at tema vidare gjennom skuleåret mellom anna vil vere trafikkreglar og rus, elektronikk, smørjemiddel og motor. Læraren har også kjøpt inn diagnoseutstyr slik at dei kan feilsøke på bilen motorskulen har.

– Eg er også oppteken av å lære ungdommane å jobbe på ein trygg og sunn måte med tanke på både kropp og høyrsel, seier han.

Demontere og montere att
Nede på verkstaden er ungdommane raskt i gang med ulike arbeidsoppgåver.

– Hørr æ skralla, den store, undrar Bjørn Nordgarden (13).

– Fyrst må de kome hit, me skal snakke litt meir om ulike lager, seier Bjerkhaug og viser og forklarar elevane om korleis radiallager og aksiallager fungerer.

Etter ein gjennomgang om lager går Nordgarden og fleire av dei andre elevane tilbake til mopeden.

– Den er min. Forgassaren var feilstilt, så han fekk for mykje bensin. Så skifta eg luftfilter, men nå har sylinderen gått. Alt må av, seier han vaksent, legg seg på alle fire og får opp botnpluggen på motoren for å tømme ut olja.

– Reparerer du mykje?

– Ja, eg får lov heime óg. Eg elskar å skru og mekke, stadfestar Nordgarden.

Dei andre ungdommane er nok også i denne kategorien.

– Eg har ikkje skrudd så mykje heime, men eg gler meg til å lære meir her, seier Liv Anne Reinsviki (11).

Eigen bil
Motorskulen har kjøpt inn ein bil som elevane skal få mekke på.

– Og det kjem to mopedar også. Planen er å plukke dei frå kvarandre og renovere ein av dei. Målet er at han skal bli i same stand som då han var ny, seier læraren.

Han er også open for at ungdommane har med eigne mopedar eller båtmotorar som dei kan skru på gjennom skuleåret, slik to av dei eldste elevane på motorskulen gjer.

– Eg har skrudd nokre båtmotorar før, på denne motoren skal eg reinske bensinfilteret, seier Knut Olav Slåtta Flothyl, før han går for å finne meir verktøy å skru med.

LES SAKA I VEST-TELEMARK BLAD!