Ap vil bruke partipisken i OL-saka

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Vi skal diskutere saka, og så må alle stille seg bak fleirtalet, seier nestleiar Helga Pedersen i Arbeidarpartiet til Klassekampen.

Om ein månad skal kulturminister Thorhild Widvey (H) leggje fram OL-saka for Stortinget. Ettersom regjeringspartnar Frp allereie har gjort det klart at dei er mot OL, er Høgre avhengige av støtte frå Ap for å få fleirtal.

– Regjeringa skal leggje fram saka for Stortinget i slutten av oktober, enten i form av ei melding eller ein proposisjon, seier Widvey til Klassekampen.

Eit fleirtal av fylkesleiarane i Ap er kritiske til at Noreg skal sende ein OL-søknad. I alt ti fylke er saman med ungdomspartiet AUF kritiske til ein søknad, viser teljinga til Klassekampen.

Ap-nestleiar Helga Pedersen vil likevel ikkje la stortingsgruppa stemme etter eiga overtyding.

– Vi gjer det same som i alle andre saker. Vi diskuterer på bakgrunn av den informasjonen regjeringa legg fram for Stortinget, og lyttar til alle synspunkt. Men når vedtaket er fatta, må alle stille seg solidarisk bak avgjerda, seier Pedersen.

Neifolket møter tung motstand i Ap-toppen. Både partileiar Jonas Gahr Støre, partisekretær Raymond Johansen og LO-leiar Gerd Kristiansen er positive til ein OL-søknad. (©NPK)