– Barnemeny burde ikkje vera lov

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 22.08.2017 14:08

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vil forby barnemenyar

Meisterkokk Ståle Johansen har erfaring frå Fossheim hotell og har laga mat for Skiforbundet og Olympiatoppen i seks OL og diverse VM.

Han held òg kurs for lærarar og barnehagetilsette gjennom Norsk Smaksskule. Målet med skulen er å gje born flest mogleg ekte smaksreferansar, og auka medvitet om smak, ernæring og matglede.

– Når foreldre seier at born ikkje likar noko, så blir det sånn, seier Ståle Johansen og meiner at det ikkje burde vera lov med barnemenyar.

– Det er viktig å få fram at det er lov å ikkje lika noko, men ein må prøva først, seier han.

LES OGSÅ: Desse smakane bør alle kunne

Kutta ut barnemenyar
– Eg har aldri barnemeny no lenger – eg kutta det ut, seier Arne Brimi, som driv matkultursenteret Vianvang. Arne Brimi er blant initiativtakarane til Norsk Smaksskule.

Når vaksne ikkje lar ungane få smaka på det dei sjølv et, så handlar det om at ein ikkje har tillit til at ungane kan læra seg å lika nye smakar.

– Alle barn i Kina likar fisk. Det er fordi dei ikkje har foreldre som har fått dei til å ikkje lika fisk, hevdar han.

For restaurantane er det nok billegare å tilby pølse og pommes frittes, men han meiner dei som i staden tilbyr barneporsjonar frå vaksenmenyen får det igjen seinare.

– Då vil borna koma igjen når dei er vaksne.

LES OGSÅ:– Manglande skulemat er ei krise

LES OGSÅ:Vil ha fleire til å smaka på maten

Faktaboks

Norsk smaksskule er ein aksjon i regi av Norsk Kulturarv for å gje born flest mogleg ekte smaksreferansar, og auka medvitet om smak, ernæring, identitet, råvarer og matglede. Arne Brimi er blant initiativtakarane til aksjonen.